Me har endra mykje på sidene og lagt inn eindel aktuelt stoff på pdf.filer. Om dette viser seg tenleg, kan det vel hende det kjem meir.
Seksjonen kart tek for seg navn og plassering frå fjell til fjord.
Eiga side om pasientgravplassen er teke med. Eg har fått fleire henvendingar om dette, frå nær sagt heile Hordaland.
Eg har laga ei ny side om museet, i tillegg finn de meir om dette i pdf arkivet
Me vil gjera merksom på at me er ei side først og framst om valestiftinga og arbeidet vårt. Me ønsker å ta med så mykje som mogeleg av det som rører seg no for tida og, (og då må folk komma med innspel), men me vil vektlegga historia.
Eg (Kjell E Thorkildsen) har lenge vore redd for at gamle ord og uttrykk skal forsvinna for oss, og har laga ei lita ordliste som eg vonar de vil bidra til ? Det finst mange ord som er gått ut av dagleg tale
Valeparken, sjå Valen skule og pdf arkivet
Det er som ein skvett i stolen:
Helse Fonna har beslutta å legga ned ein post og i samme slengen fjerna 36 årsverk på Valen. Dette er i følge føringane seier dei, men kven skriv føringane ?
Valen sjukehus har ei lang og omfangsrik historie. 28. oktober 2010 var det 100 år sidan dei første pasientane kom til huset og bygda. Dei kom i båt frå Neevengården i Bergen. I 60åra var her nærpå 500 pasientar, gardsdrift og liv og røre, det er lite att. Me gler oss over at det ikkje lenger er trong for store institusjonar, men vonar -og trur- Valen også i framtida har ei rolle å spela i psykiatrien.