Postvegen
Den Stavangerske Posttour (Postvegen) :
Folk har 'alltid' sendt kvarandre meldingar,
frå eld på fjell, bodstikke, til brev. Då statsapparatet ville bli meir
effektivt, måtte ei postteneste etablerast.
Dette skjedde i 1647.
Trasseen me i dag kjenner som postvegen er frå 1785 og gjekk frå Bergen til
Stavanger.
I Kvinnherad var ruta slik: Ølve (båtskyss til/frå)- Herøysund- Husnes-Eikeland/Valen-
Ølfarnes. Denne ruta vart uendra fram til 1870-åra, då mykje av posttrafikken
vart overteken av dampskip / rutebåtar.
Me er her opptekne av å få fram dei delene av vegen som framleis er synleg, og
gjera denne kjent og tilgjengeleg for folket i krinsen. Denne strekker seg frå
Handeland bru til Teigen. (sjå kartet og les tekstutdraget under).
Men det er blitt arbeidd godt med postvegen i alle nærståande bygdelag (utover "vår"
krins), og ein kan snart følgja han i heile den opphavelege trasseen.
Det er starta ei
interesse-gruppe for postvegen på
kvardag.no
. Her kan ein melda seg inn og følga arbeidet, frå Utåker til Herøysundet..
I samband med postjubileet i 1994 ga Kvinnherad sogelag / Husnes mållag ut bok
om postvegen, ført i pennen av Otto Vikane. (Kan kjøpast hos bokhandlaren på
Husnes). Han sette seg inn i korleis ruta gjekk føre seg ein dag i 1860. Me
låner litt av hans tekst (med Otto si godkjenning):
"Over (Handelands)elva er det bygt ei lang og
smal trebru, og hesten stussar litt før han stig utpå. Det dunkar holt under
hovane og ramlar fælt av hjula på vogna, men over kjem både me og postsekken.
Det er ikkje så morosamt i flaumtider, seier postkaren. Då stig elvevatnet
oppunder brua, og det både fossar og sprutar. Slike dagar må postføraren ha ein
roleg hest, skal ein få han over. Vinterstid fører Handelandselvo med seg mykje
isflak, og når desse tårnar seg opp rundt brua og truar med å ta heile stasen
med seg til sjøs, er det å telja på knappane om ein skal våga å setja over. Men
ein har det trugsmålet på seg at posten ikkje skal bruka meir enn to timar på
mila, så ein kan ikkje setja seg ned og venta på betre ver heller.
Vel over komne er me på Handeland. Her svingar vegen krapt nedover og følgjer
lia frametter til Stykkjet, eit lite gardsbruk rydja under Handeland. Frå
Stykkjet går postvegen ned Banabrekko, oppkalla etter reiparbanen som låg ved
Stykkjet. På andre sida av Handelandsekjo går vegen bratt opp Steinabrekko, og
her må me stiga av og gå ved sida av vogna for at ikkje hesten skal slita seg
heilt ut. Når me er komne heilt opp på Gravahaugen, stig me opp i vogna att, og
no ser me utover mot Valo og Eikjeland. Postvegen fører oss ned til Lio, der me
køyrer rett ovom husa på husmannsplassen. Me er no komne over skifte til Valo.
Frå Lio går vegen opp ei brekka til Minekleiv. Opp denne kleiva må me og ut av
vogna eit lite stykke, for her er det både bratt og litt stygt utfor. Denne
kleiva fekk namnet sitt etter det første mineskotet under vegbygging i
Kvinnherad. Nord for Minekleiv er postvegen flat og fin eit par hundre meter,
bort til Knatten. Nett nord for Knatten ber postkaren oss stiga utor att, for
her ber det bratt ned Bakkabrekko til Bakkjen, eit småbruk i Vågen. Nede i tunet
i Bakkjen set me oss oppi vogna på nytt, og skysskaren lovar oss at no er det
berre to spaserturar att på resten av vegen ut til Munketeigen.
Frå Bakkjen går vegen flatt bortetter bøkanten til Sørevalsgarden, bort til
Sørevalselvo, og opp langs denne eit stykke. Nett ved sida av stovehuset på
Sørevalo svingar me, og køyrer over steinbrua som er mura over elva. No går
postvegen på skrå bortetter bøen på Norevalo, fram til Norevalselvo, me trillar
over ei ny steinbru og litt etter svingar me bort i tunet på Norevalo.
Storbonden Axel Undahl har nok site på terassen nedafor huset og sett etter
postskyssen, for når hesten svingar inn framfor våningshuset, kjem Undahl rundt
husnova. Postkaren proar på hesten, og er snar til å ta av seg skyggehua til
helsing. Axel Undahl er ikkje kven som helst fortel han oss etterpå. Utanom at
han er storbonde, er han med i styre og stell, og er attpåtil postkontraktør.
Det vil sei at han har ansvar for postsendinga, sameleis som postbonden på
Eikjeland hadde tidlegare, men Undahl har fått finare tittel. Dette er nok sidan
han fekk ansvaret etter at postopnaeriet på Munketeigen opna for 14 år sidan,
fortel postkaren. Etter at Undahl har helsa på oss, spør han etter nyhende og om
korleis postvegen ser ut sørover. Han er nemleg veginspektør, og har ansvar for
å inspisera vedlikehaldet av postvegen i distriktet. Tilsist spør han om
postkaren frå Ølfernes vil venta litt i Munketeigen til dess Lars Knudsen har
sortert posten han har med, og så ta med seg Undahl sin post sør til Valo att.
Postkaren er kry for å få dette ansvaret og lovar å komma innom med posten
Det ber vidare nordover Valo, og no går postvegen flatt bortetter bøane og
framom kyrkjegarden. Her kryssar me skiftet til Eikjeland. Vegen går gjennom
Urane, forbi Olderholo, over bøen på Eikjeland, og fram til tuns. Eikjeland var
postgard heilt fram til det kom postopneri på Munketeigen i 1849, fortel
postkaren, så her leverte postdrengen frå Ølfernes postskreppa tidlegare. I dag
har me ikkje tid til stogg, men postkaren tek posthornet og blæs eit
helsingssignal bort til gardsfolket på Eikjeland, som driv og hesjar på ekra
nedfor husa.
Turen går vidare mot nord, og frå tunet på Eikjeland går vegen bratt opp til
Eikjelandshaugen. Me hoppar av vogna, spaserer ved sida opp til toppen, og stig
så oppi att. Når me ser oss attende, har me eit nydeleg utsyn over Valebygdo og
sørover Høylandssundet.
Komne bort i utmarka køyrer me framom ei kjelde der hesten stoggar og tek seg
nokre slurkar. Denne kjelda har alltid friskt og godt vatn, fortel postkaren vår.
Og kjelda har mange namn: Haugakjeldo, Olavskjeldo eller Klosterkjeldo. Det
fyrste namnet kjem vel av staden ho ligg på, det siste er nok minne etter
Halsnøy kloster sine rettar til å ta vatn til dei nærliggande bruka sine frå
denne kjelda. På Eikjeland nyttar dei Haugakjeldo i turkeperiodar, og der er
nøgda med friskt og godt vatn.
Frå Haugakjeldo ber det bratt utfor og ned Eikjelandsbrekko, så her må me gå
etter vogna for å spara hesten. Vel nedkomne flatar vegen ut, og går jamn og fin
bort til Søra Reset. Så går det slakt unnabakke bort til Norda Neset, og her går
skiftet mellom Eikjeland og Munketeigen. Når me nermar oss tunet, går vegen over
Smiehaugen og ned Smiebrekko. Begge er namn etter den tid postvegen vart bygd.
og smeden følgde med anlegget. Me ser restane av smia hans oppunder eit berg
nett ovom vegen. For å varsla at posten kjem, blæs postkaren i hornet sitt så
det gjallar i berga. Me kjem fram til tunet i Munketeigen og har fint utsyn over
Opsongervatnet og Husnesbygda. Her ligg det fyrste postkontoret i distriktet
vårt: EID I SØNDHORDLAND, som vart oppretta i 1849........"