Årsmelding 2004
Årsmelding 2005
Årsmelding 2006
Årsmelding 2008
Årsmelding 2009
Årsmelding 2010
Årsmelding 2011
Protokoll /
referat frå stiftingsmøte i Valestiftinga
Valen 24.02.04
Stiftingsmøte vart helde på Valen bygdahus
mandag 23.02.04 kl 19.00 etter innkalling gjennom lokalpressa i avisa
Kvinnheringen fredag 20.02, samt ved oppslag på nærbutikken.
Til stades
Stiftingsmøte var ope for bygdafolk frå Valen skulekrins og
23 møtte, j.f.r. underteikna stiftingsprotokoll.
Innleiingsvis vart det valgt møteleiar, Arnfinn Mølster og
protokollførar, underteikna.
Saksliste
·
Orientering / status om føremål og aktuelle prosjekt for
stiftinga, v. underteikna.
·
Kva er ei stifting, rettar, pliktar og organisasjonsform v.
Synnøve Handeland.
·
Pause og spørsmålsrunde.
·
Gjennomføring av stiftingsmøte i samsvar med retningslinene.
Gjennomføring av
stiftingsmøte
·
Stiftingsmøte vart gjennomført under leiing av Synnøve
Handeland og en gjekk punktvis i gjennom alle punkt som fortløpande vart
nedteikna i Stiftingsdokumentet.
·
Stiftinga sitt føremål vart vedteke som føreslege med ei
presisering i høve til at geografisk virkeområde skal vera noverande Valen
skulekrins, ikkje Valebygda som det opphaveleg var gjort framlegg om.
·
Grunnkapitalen er Valekaien og Sjøbuo som er overdradd
vederlagsfritt frå Hordaland fylkeskommune, verdsatt til kr 100.000.
·
Styret skal bestå av minimum 5 medlemmar, av desse minimum 3/5
frå Valen skulekrins. Styret vart samansett etter framlegget frå interimstyret
med personlege varamenn for første styreperiode, men med høve til endring til
nummererte varamenn på første årsmøte når / dersom dette er ønskeleg.
·
Stiftinga sitt navn er Valestiftinga, adresse ved styreleiar.
·
Styret vert valgt for 4 år, men halvparten av styremedlemma sit
i 2 år i første periode for å sikra kontinuitet.
·
Styret konstituerer seg sjølv etter kvart val også første
gongen.
·
Årsmøte er myndige innbyggjarar i Valen skulekrins. Kommune og
fylkerepresentantar kan stille med møte og talerett.
·
Til årsmøte skal det leggjast fram årsberetning og rekneskap
som skal sendast inn til stiftelsestilsynet.
·
Årsmøte skal føre tilsyn med stiftinga si verksemd og gi uttale
om rekneskapen og kan og beslutte gransking dersom det er naudsynt.
·
Årsmøte skal og velja nye medlem til styret og fastsetja
eventuell godtgjersle.
·
Årsmøte skal haldast årleg innan utgongen av mars.
·
Ved oppløysing av stiftinga skal stiftinga sine midlar og
aktiva tilfalla Kvinnherad kommune og i størst mogleg grad nyttast til stiftinga
sitt opphavelege føremål.
For øvrige detaljar vert det vist til stiftingsdokumentet.
For Valestiftinga
Sven Løkeland
protokollførar
Organisasjonsnummer: |
987 035 706 |
Navn/foretaksnavn: |
VALESTIFTINGA |
Organisasjonsform: |
Stiftelse |
Forretningsadresse: |
5451 VALEN |
Kommune: |
KVINNHERAD |
|
|
Postadresse: |
- |
|
|
Registrert i Enhetsregisteret: |
05.10.2004 |
Stiftelsesdato: |
23.02.2004 |
|
|
Kontaktperson: |
Reidar Handeland |
|
|
Virksomhet/art/bransje: |
Privat stifting med ideelt formål. |
|
|
Næringskode(r): |
91.030 Drift av historiske steder og bygninger og lignende severdigheter |
Sektorkode: |
7000 Ideelle organisasjoner |
|
|
Særlige opplysninger: |
Registrert i Stiftelsesregisteret |
Registrert i Frivillighetsregisteret |
|
Sist innsendte årsregnskap 2011 |
|
|
|
Styre: |
|
Styrets leder: |
Reidar Handeland |
Nestleder: |
Sven Løkeland |
Styremedlem: |
Even Heimstad |
|
Synnøve Handeland |
|
Jarle Mehammer |
|
Arnfinn Mølster |
|
Sissel Lillebø Aarseth |
|
Ove Aarnes Tvedt |
|
|
Signatur: |
Styret i fellesskap. |
|
|
Revisor: |
Godkjent revisjonsselskap |