Valen har tre gravplassar. Fire, om me tar med den som på folkemunne er på
Ystøyo, men denne er høgst usikker.
Dei første valebuane vart gravlagde på Halsnøy, før det igjen, vert sagt, på
Borgundøy der det heller tidleg sto ei stavkyrkje som femnde heile Valen -
Skånevik - Halsnøy.
Då bedehuset (bygdehuset i dag) vart vigsla i 1903 fekk Valen eigen gravplass, nok ei
stor lette for bygdefolk som i all slags ver før måtte over Høylandssundet, i
åpne båtar, kanhende med liket som skulle i jorda med i samme båten.
Øvst i Geilo er den første gravplassen, den andre er ved nye kyrkja
(Naustbakken).
Den tredje
vart oppretta like etter at sjukehuset var nytt. Det var vel ingen som hadde
tenkt at det skulle bli vanskeleg å få gravlagt pasientar utan heimstamn og
nokon å reisa til på den 'ordinære' gravplassen, men det
vart vanskeleg. Etter
kva soga fortel nekta bygdefolket og ein måtte oppretta eigen gravplass for
sjukehuset.
Ganske fort begynte liv å gå tapt. Dette var ei tid med tuberkulose og andre
farlige infeksjonssjukdomar, kanhende nokon valde å ta livet av seg, ulukker
kunne vel henda, og så alle desse nye behandlingsmetodane nokon kanhende ikkje
tålte; sjokkbehandling, nye og heller eksperimentelle medisiner, lobotomi /
levkotomi, usunn livsførsel og inaktivitet, røyking .....
Marit Eikemo i boka
Samtidsruinar har tilliks med andre
forfattarar den seinare tida fatta interesse for gravplassen på Valen. Ho går og
undrar seg, drar trådane saman og fortel ei spanande historie og mange fakta om
sjukehus og behandlingsmetodar tek ho med. Eg har spurt henne, og ho har
velvillig svara ja til at eg kunne ta essayet med her (i boka, som eg vil
anbefala på det heftigaste), er ho innom fleire spanande stader, bl.a.
Harastølen i Luster, som no dessverre er ei verkeleg ruin).
Teksten til Marit ligg ved som
pdf-fil.
Mange ville ikkje ha 'sine' heim igjen, og synst det var 'like greit' at dei
sjuke vart liggande på Valen. Ein som vart verande på Valen heile sitt vaksne
liv skreiv sine memoarer jamnt og tutt. Eg kan hugsa fillete referatblokker som
tårna seg opp i hjørnet på rommet hans. For ein ung bøtteknott på 70-talet var
det fascinerande å sitta på rommet hans og høyra ein ordhag mann fortelja si
historie, som også var psykiatriens historie her vest, kanhende fekk du også bla
litt i notatbøkene. Då mannen døydde trur eg bøkene blei destruerte, men eg
håpar einkvan tok vare på dei. Dei er med dette etterlyste.
Stor var gleda på seinvakt for ikkje så lenge sidan. Då dukka ei bok opp,
den var i alle fall berga. Herifrå 'saksar' eg denne, frå midt i ei opplisting over
Valen sine 'aktiva':
"Her på Valen har dei stor gard. Og likhus. Og nedfor
der ein gravplass. Og er du først kommen dit, så bryr du deg ikkje med å spøkja,
du er glad til at du kom deg unna sjukehuset."
Valen stelte kanhende bedre med sine enn 'verstingane', i alle fall i høve denne
sida; som omtaler
massegravplassen på Gaustad sjukehus.
Marit eikemo undrar seg over at gravene på Valen er namnlause. Det var vel ei
blanding av takt og skam. Men no er dei ikkje namnlause lenger, på museet finst
ei oversikt.
I
pdf arkivet finn de ymse om gravlunden på
Valen.