Valen krins består av:
Handeland, Valen, Eikeland og
Teigen
KVA BETYR VALEN ? Når ein skal tenka seg kva historiske navn betyr, er det
avgjerande korleis ein ser for seg lendet ser ut/har sett ut, og tid i historia
namnet er komme til.
Namnet er gammalt, høyrer til i
gruppa blant dei eldste namn i landet, anten det opphaveleg har vore Valen eller
Valo. Støtte for dette finn vi i endinga, som sannsynlegvis er kortform,
hankjønn eller hokjønn, av –ven/-vin (norsk stadnamnleksikon: naturleg eng/grønt
lende/grøderikt område). Val myntar vel helst på det norrøne Vadill, som i følge
samme bok betyr ’grunn vik, stad som fell tørr i sjøen, lågt eid’.
Likevel kan det vera vanskeleg når
samme bok viser til at forstavinga val- kan tolkast ulikt, her brukt både om
falk, varde, Ivar Aasen viste til at namnet betydde ’en lav eller dyb flade på
landet’, langstrekt jordrygg, voll, det namnet i Norge som liknar mest er Valan,
som er gitt tydinga ’liggestad for fartøy’.
’
Vår’ form av namnet har sin like
fleire stader i landet, svært mange av dei er det på Vestlandet, for Hordaland
sin del; i Kvinnherad, i Sveio, på Sotra og i Lindås. I Sveio veit eg (gjennom
sidene om Fartein Valen) at garden også her har heitt Valo, men skriven som
Valen. Dette kan skuldast dansketida, at dei første offentlege papir og
stadshenvisningar er skrivne av danskar eller embedsmenn som skreiv på dansk,
forvansking av namnet er kjent frå denne tida (Walen, Wallen, Wahlen). Seieforma/daglegtalen
hos oss er framleis Valo (i Valo). Mange stader i landet har ending –lo, og
peikar på grøderikdomen, slett (åker)lende, som for hovudstaden sin del.
Felles for dei lokale Valen-stadene
er at dei ligg ved vatn, er dyrka og odla, i le for ver og vind, har grunne
vågar og strand.
Valen / Valo var ein storgard, i
alle høve i vestlandsmålestokk. Ein kan følgja garden tilbake til adelsslekter
og / eller kongar. At garden aldri var innlemma i klostergods eller seinare
baroni, seier sitt om storleik, slektskaper og betydning. I begynninga av
1800-talet finn vi ein Proprietær (proprius, sjølveigande gardeigar) Undahl (Undall)
her, han og etterkommarane skulle setta stort preg på Valegarden til dei måtte
forlata han i 1906 og i 1934 (sjå meir under Reidar Handeland:
historie).
I 1906 kjøpte amtet (Fylket) Nordre Valen gard og bestemte at her skulle byggast
asyl. Av alle alternativa let det til at Valegarden hadde dei beste mulighetene
for gardsdrift, vatn, elektrisitetsutbygging (tredje offentlege bygg i landet
som vart forsynt med elektrisitet, ennotil sjølvprodusert)
I 1934 vart Søre Valen gard ekspropriert (sjå høgre felt). Ein trur dette tunet
er den første garden på Valen. Åra etter hundreårsskiftet medførte store
endringar for 'Valebuane'. Dei fleste kom frå husmannsplasser, og kunne innløysa
bruka som sjølveigande.
Dei kunne også få arbeid ved 'asylet', og enno finn ein mange med 'gamle'
valenamn i arbeid her.
Handeland og Valen har fått
eigne sider her.
Eikeland:
I gamle skriv finst lite stoff om Eikeland. Gardsnamnet skulle tolka seg sjølv.
Anders Havnelid (Kvinnherad 5), nemner at namnet kan ha kome til i jarnalderen,
(som dei fleste -landgardar). Det vert også nemnt at det kan ha vore kultstad
for valefolket, men det er svært få fornfunn i området. Garden er første gong
nemnd i Bergenhus lensrekneskap i 1590, som ein heller liten gard under Halsnøy
kloster. Ein kan såleis rekna med at det var lite busetnad utover mot Porsvik
før i nyare tid, då hovudsetet pa Eikelandsgarden låg på Eikelandshaugen (ritellet).
Johannes Gunnarson, «Muffen», sat pa ein del av garden i år 1900. Han vart ein
av Valen sine første handelsmenn og dreiv landhandel ved Eikelandssjøen. Øystein
Eskeland kjøpte av «Muffen» i 1931, seinare kjøpte han resten av garden og
Eikelandsgarden var samla igjen. Mykje av den gamle garden er ’gått med’ til
nyare busetnad
Teigen:
I tidlegaste nemning Munketeigen. Var etter alt å døma ein del av Halsnøy
kloster, som odla han for å ha gode veksttilhøve for krydderplantar som igjen
sette smak på brennevinet dei produserte ( i alle fall er dette noko folket har
fortalt kvarandre i generasjonar).
Har sidan vore del av Valegarden saman med Kirketeigen (Sundsteigen fekk dette
namnet etter at Undall hadde gjeve vyrkje herifrå til gjennoppbygging av
Eidskyrkja som brann), men lengstlevande som ei grend med sjølveigand hus og
gardar.
Teigen var og lenge kjent som religiøst 'høgsete', der årlege Teigastemne
var viktige for kristenfolket.