Valebygda omfattar idag gardane Handeland, Valen, Eikeland, Teigen og Sundsteigen. Området strekkjer seg frå Handelandselva i sør til grensa mot Oppsanger i nordvest og Helland på nordsida av Vikefjell. I dei seinaste åra er også Porsvik innlemma i krinsen.
På vestsida er det Høylandssundet som er med og gjev bygda særpreget. Strandlinja frå Osen ved Handelandssjøen og til Porsvika og grensa mot Oppsanger vekslar med lune viker og slake svaberg. Valeøya ligg som eit vern og lagar god havn på Søre- og Norde-Vågen.
På søraustsida går grensa mot Tveit ved Ljosåno. Vidare over Handelandsfjellet, Sitauten og Inste Gavlane som grensar opp mot Uskedalen. Mjelkhaug og Varhaugen og vidare Svanheia og Nordefjell til skifta mot Helland.
Fornfunn på Valen
Det er ikkje mange spor å finna frå gammal busetnad i Valebygda, og det som har vore har for det meste måtta vika plassen for ny jorddyrking.
I Teigen skal det ha vore 3 små haugar som låg på rad etter ein annan, men dei har vorte øydelagt av nydyrking.
På husmannsplasset Skarpeteigen ovanfor kaien på Valen låg det ei lav overgrodd røys. Denne var avlang og avrunda i den eine enden og tilspissa og smalare i den andre, ho var 16 skritt lang og opp til 8 skritt brei.
På Daleteigen på Nordre-Valen skal det under rydjing på åkeren vore funne eit sverd og eit økseblad. Det vart og funne glasperler og andre småsaker.
Frå Handeland har Bergen Museum eit lite funn frå yngre jernalder som inneheldt økseblad og sverd. Øksa var godt bevart og skal ha hatt ei fin form, ho var 19 cm høg og 13 cm brei i eggen. Heftet på sverdet var 13 cm, med "kafler" av jern. Klinga var 64 cm lang. Funnet vart gjort i ei røys på plasset Mula. Om lag 50 skritt derifrå har det tidlegare vore rydda bort ei liknande røys.
Bondelensmenn
Halsnøy kloster hadde sine eigne lensmenn som hadde ombudet for klosteret sine gardar og eigneluter, ei ordning som heldt fram lenge etter reformasjonen.
Lensmennene hadde andre oppgåver enn det lensmannen har i våre dagar. Han var mest å rekna for ein tillitsmann. Ein lokalkjend hjelpar for futen i arbeidet med å syta for ro og orden og krevja inn kongens skattar. Som vederlag for dette arbeidet sat dei oftast med garden skattefri.
Det fylgde vyrdnad med dette ombodet, og berre dei beste menn i bygda kunne få denne oppgåva, det vart og krevd at han skulle vera økonomisk velhalden, slik at han skulle kunna gjera rett og skjel for seg om det nauda. Mange av lensmennene var sageigarar, og med sagene fylgde det ofte velstand i dei dagar.
Av lensmenn på Valen kan me nemna Laurits Johannesson som var lensmann i åra frå 1646 til 1664 og Jacob Børgesson frå 1692 til 1694.
Frå 1709 til 1716 er det nemnt ein Nikolai på Valen som sit som lensmann. Dette må vera Nicolaus Bjerring som vart gift med enkja etter Jacob Børgeson.
Som kloster-lensmann er nemnt Jon på Handeland frå 1644 til 1645.
Sokna
Valebygda sokna til Eid-kyrkja på Halsnøy etter gammalt. Det vart dermed og naturleg at Valen kom til å høyra med under Fjellberg herad då det kommunale skjølvstyret vart oppretta i 1837.
I ei tid då sjøen var det viktigaste bindeleddet mellom folk på våre kantar, er det lett å sjå at det var ei naturleg orientering som gjekk mot Halsnøy og øyane på den andre sida av sundet, men klosteret og kyrkja er vel den viktigaste grunnen til samanbindinga denne vegen for valebygda.
Klostergods og adelsgard
Handeland, Eikeland, Teigen og Sundsteigen var klostergods og hadde leiglendingar som betalte skatt til klosteret like fram til slutten av 1600-talet, då gardane vart selde.
Valegarden var frå gammalt av jordegods som var i eiga til lavadelen i landet. Kjende ætter som Galte og Losna-ætta og etterkomarar av dei sat som eigarar av Valegarden i alle høve frå tidleg på 1300-talet og like fram til førstninga av dette hundreåret.
Det er vanskeleg å seia kva tid Valegarden vart rudd, namnet gjev heller ikkje faste haldepunkt for ei slik stadfesting.
Namn og uttale
Namnet Valen vert utala Valo lokalt. I gamle skrifter finn vi mange variantar av skrivemåten. Vadelø i 1563, Valenn i 1567. Vallenn i 1610 og 1668. Walen i 1723.
Etter O. Rygh kjem namnet truleg av det gammalnorske ordet vadill som tyder grunn stad i vatn eller grunt sund.
Etter uttalen "Valo" skulle ein tru at det var bestemt form av eit hokjønnord, men ordet vadill er aldri hokjønnsord på bygdemåla, skriv han. Han meiner difor at Dativ fleirtal av ordet valo har fått einstavingstone ved innvirkning frå dei einstava hokjønnsorda.
Landsskyld
Etter skatterekneskapen frå 1647 skattar Valen då for 3 1/2 laup smør.
Vi kan fylgja den gamle lendmannætta "Galte" på Valen, Seim og Hattaberg. Tilnamnet "Galte" har ætta fått etter våpenskjoldet som syner eit springande villsvin. Dette våpenet har nok vore slektsvåpenet til den gamle lendmannætta.
Eirik Gautson er den fyrste som me kan finna nemnt og som me trur hadde tilknytning til Valen. Han var truleg son til Gaute "Unge" Gautson på Hattaberg og bror til Sigurd Gautson som er nemnd som fehirde i Tønsberg i 1343 og i Bergen i 1347.
Gaute Eirikson Galte
Det vert sagt at riksråden og riddaren Gaute Eirikson Galte som døydde i 1412 skreiv seg til Valen, han eigde denne storgarden og var truleg fødd der. Det vert hevda at han var son av Eirik Gautson.
Gaute som må vera fødd kring 1320 åra eingong, hadde i 1367 Oslo-syssel. Seinare vart han fehirde i Tønsberg og sysselmann i Skien. Han eigde mykje jord både i Norge og Sverige,men må og ha hatt andre rikdomskjelder, då han låner både Krona, Kyrkja og fleire privatpersonar store beløp. Mykje av dei rikdomane han vart sitjande med var pant for større lån som han før hadde ytt.
Vi finn Gaute som medlem av riksrådet og som kong Håkon IV Magnusson sin utsending i viktige ærend frå 1369 og utetter. Dette året var han saman med tre andre riksråder i fredsforhandlingar med Hansabyane. Han var og med i valget av Margrethe som dronning i 1388. Namnet hans står og under riksrådets erklæring om Erik av Pommern sin arverett til Norge. Ved kroninga av kong Erik i 1397 vart han slått til riddar. Han var og mellom dei som nekta å setja namnet sitt under unionsutkastet.
Gaute Eirikson var gift to gonger. Første gongen med Ingegerd Sigvidsdtr. Ribbung, ei dotterdotter til den heilage Birgitta i Sverige. Andre gong var han gift med Margrethe Rømer, truleg dotter til riddaren Otte Svaleson Rømer. Ein kjenner ikkje til at det skal ha vore barn etter Gaute Eirikson Galte.
Gaute brukte ikkje namnet Galte eller Galtung sjølv, men i våpenet sitt bar han ein galte som står oppreist mot det høgre hjørna i seglet (Mot høgre for han som ber skjoldet).
Då Gaute døydde i 1412 hadde han ikkje livsarvingar. Dei store rikdomane hans går då til borna til Gyrid, syster hans. Gyrid var gift med Gunnar Taraldeson Kane som var av ei av dei fremste ættene i landet på denne tida. Dei hadde sønene Niels og Taralde.
Korleis samanhengen vidare er frå den gamle "Galte-ætta" til Ivar Slede (Dall)som sat med Valen og Fimreite er framleis ei gåte.
Ivar på Valen (1450 - 1504)
Ivar Slede Dahl, eller Dall som han og vert kalla, eigde Valen og budde der. Han eigde og andre større gardar i Sunnhordland, mellom anna vert han og nemnt på Sandvik, Seim og Kjerland i Kvinnherad. Han og brørne hans eigde og jord i Sogn, mellom anna Njøs og Fimreite.
Det har vore gissa på at Ivar skulle vera av Slede-ætta, dette vert begrunna med at ein av etterkomarane hans kallar han ein "Sledje". Men det er eit faktum at Ivar på Valen har vore ei av dei vanskelegaste ættar-gåtene i nyare tid.
Frå eit epitafium i Brønnøy kirke i Nordland vart det på 1700-talet registrert ei tavle med våpenskjold etter dotterdotter til Ivar på Valen. Dotter til Ivar, Anna, trur no historikarane, skal ha vore gift med Trond Benkestokk. Dotter deira skal ha vore Kristine Trondsdtr.Benkestokk (1530 - 1572) som vart gift med Axel Gyntsberg til Snilstveit, Mel og Torget. Han var lensherre i Nordland, Troms og Finnmark.
Ivar kan vera den Ivar Arneson "ij Wale" som er nemnt i et brev frå 1558. Han var gift med Herborg Torbjørnsdtr. Dei hadde borna Laurits, Gaute og Anna. Anna var truleg gift med Trond Benkestok (1495 - 1558).
Adelsmerkjet til ætta var ei lilje på skjoldet og ei stjerna på hjelmen.
Herborg er i eit brev frå 1504 alt då nemnd som enkje på Valen.
I 1524 arvar Herborg Torbjørnsdtr. mykje jordegods etter
systerdotter Synniva som var dotter til Endrid Sveinson Rostung.
Gaute Ivarson Dahl
Etter 1512 finn vi adelsmannen Gaute Ivarson sitjande med Valegarden. Han er son til Ivar på Valen og er nemnt fleire gonger frå 1517 og utover. Kona hans kjenner vi ikkje, men vi veit at han hadde mange etterkomarar.
Gaute hadde stor jordeiga i Sunnhordland, Hardanger og Sogn.
I 1512 sel Gaute til "sin svoger Hans Krukow og sin frenke hustru Sunniva Eindridsdtr." gardane Frøysvik og Njøs på Syrstrand i Sogn.
Frå Olav Engelbrigtson si jordebok for 1533 kan vi og finna at Gaute hadde pant i nokre eigedomar av godset til "Rike-Torstein", det var gardane Vardberg, Litlatun, Røyso og Bjønnetwn, alle i Eidfjord med ei samla landskyld på 4 laupar smør og 5 huder.
Gaute og kona hadde sju born, Jon, Gudrun, Inger, Ivar, Torbjørn og Laurits. Dei hadde og ei dotter som truleg het Lucretia eller Lucrits, ho skal ha vore gift med Niels Jensson til Simling som var av Losna-ætta og vart lagmann i Stavanger.
Jon Gauteson (f. kring 1520, n.1550, 1570-73, d. før 1578) vart gift med Elin Eiriksdtr. Orm og budde i Sveio, denne garden hadde han som adeleg setegard. Han hadde 16 gardar på til saman over 40 laupar smør. Jon og broren Torbjørn var begge handgangne menn for erkebiskop Olav Engelbrigtson.
Torbjørn (f. ca.1520 d. før 1550) vart busett på Fimreite i Sogn og var gift med Gyrid Olavsdtr. Vinjum.
Gudrun vart gift med lagmann i Stavanger, Nils Klausson Grøn (som og var rådmann i Bergen i 1512.)
Ivar var gift med ei Anna Jacobs-dotter, begge er avlidne før 1578.
Laurits eller Lasse som han og vart kalla var truleg gift med Ingerd på Fitjar. Laurits skal ha budd på Skage i Kvinnherad, han skal og ha vore gift med Gyrid Jacobsdotter frå Sogn.Ho vert seinare nemnt sitjande som enkje på garden Oppdal, men det kan henda at ho då budde hjå sonen. Gyrid skal seinare ha vorte oppattgift med Mats Fartegnson på Ænes.
Inger var gift med Sverke Jonson (Theiste)? som var fut i Sunnhordland i 1563, dei budde truleg på Fet i Uskedalen.
Gaute Ivarson døydde kring 1550.
Fartegn Fillippusson av Losna-ætta var ein umåtelig rik mann. Han hadde to søner, Fillippus og Fredrik som begge arva faren. Fredrik var gift med "Udena" og hadde med henne sonen Tord. Fredrik døydde kring 1410 og kort tid etter døydde og sonen.
"Udena" vart sitjande med heile godset etter Fredrik, utan at det vart halde skifte. Fillippus, bror til Fredrik samtykte i dette. Etter ei tid vart Udena gift opp att med Holte Toreson som var rådmann i Bergen og budde på Oma i Strandebarm. Det vart heller ikkje då halde skifte etter Fredrik. I dette ekteskapet fekk Undena dottera Gudrid. Ho vart gift med Svein Torgilson Rustung og arva det uskifta buet etter mora, noko ho ikkje hadde rett på. Sonen deira Eindrid Sveinson vart gift med ei søster til Herborg Torbjørnsdotter som budde på Valen og var kona til Ivar Slede Dall. Dei fekk dottera Sunniva som vart gift med ein Hans Krukow.
Herborg fekk i 1524 arv etter systerdottera Sunniva Eindridsdotter. Slik kom det uskifta buet etter Fredrik Fartegnson til slutt til Gaute Ivarson Dahl på Valen, som var den siste som urettvist vart sitjande med det uoppgjorde buet etter Fredrik. Men så kom domen, nærare 120 år etter at Fredrik Fartegnson var død og bestemte at alle etterlatenskap etter Fredrik Fartegnson skulle tilfalla arvingane etter bror hans, Fillipus. Denne domen vart avsagt av riksrådet kring 1529.
Arveluten etter "hustru Sunniva" omfatta ikkje berre godset etter Fredrik Fartegnson. I tillegg var det store rikdomar med laust og fast gods som og høyrde til i slekta. Dette arvegodset vart og ført til retten fleire gonger. Siste gongen i 1578 då kona til Gaute sin brorson, Margrethe Christofferdtr. Rustung stevner arvingane etter Gaute for Herredagen i Bergen. Ho var enkje etter Amund Lauritsson. Ho meinte at Gaute urettvist hadde teke føre seg av Sunnivaarven utan å dela med bror sin Laurits og systera Anna.
Frå denne herredagsdomen i Bergen vert det og gjeve nokre vitneutsagn som fortel oss mykje om Gaute og slekta hans.
Det vert her sagt at Sunniva på sine gamle dagar vart "will og afsindig" og for at ikkje godset hennar skulle gå til krona, tok Gaute hand om henne då han og var det neraste verge hennar. Sunniva døydde i 1524.
Etter vitneutsagna frå 1578 vert det sagt at arven etter Sunniva vart tilkjendt ein Olav Mikkelson og at han sat med denne i to år til det kom opp at han hadde fare med falske brev.
Herborg, mor til Gaute finn vi ikkje nemnd i denne samanhengen. Det er mulig at Herborg døydde samme året som Sunniva, men det går fram at Gaute fekk hand om arven gjennom mora.
Gaute og bror hans Laurits hadde og gåande ei sak mot Jon Stillufseike angåande Haukås-godset. Det går vidare fram av vitneutsagna frå 1578 at dei to brødrene var blitt einige om at Gaute skulle reisa sak om Sunniva-arven og Laurits om Haukås-godset kvar for seg. Gaute vann si sak, men Laurits som ikkje møtte fram i retten, tapte saka og fekk heller ikkje del i den store arven etter Sunniva Eindridsdtr. Det vart ved et seinare høve inngått forlik der arvingane etter Laurits fekk kompensasjon for dette.
Det har vore gissa på at Valegarden har høyrt til "Sunniva-arven", og at Gaute Ivarson har vorte dømd til å gje frå seg Valen til arvingane, men det går på ingen måte fram av nokon av dei rettsakene som vart førde. Det har vidare og vore sagt at Gaute dei siste åra sine budde på Valen som leiglending. Dette er heller ikkje på nokon måte vist i skriftelege kjelder. Men kva som har ført til at Laurits Johannesson og Olav Bagge vert sitjande med Valegarden, det veit vi ikkje noko sikkert om.
Laurits Johannesson Galte som var mellom dei som var arvingar etter Fredrik Fartegnson, kan ha teke over garden på odel. Han skal ha budd på Valen så tidleg som kring 1550. Gaute skal ha vore avliden då. Sonen til Laurits Johannesson, Johannes som er nemnd på Valen i 1563 er berre nemnd som lauskar og sagbrukar på Valen og står ikkje nemnd som brukar eller bonde her. Ein kan då tru at Olav Bagge har gjort krav på garden på odel kring 1558, då vi finn han nemnd for første gong.
Johannes Lauritsson vart sidan gift til Torsnes og flyttar dit kring 1585.
I første delen av 1500-åra levde det fem brør som heitte Tord, Fartegn, Sjurd, Samson og Olav Matssøner. Desse brødrene er i mange samanhengar eit bindeledd mellom dei som seinare var busett på Valen og den gamle lendmannætta, men det er mange uløyste problem knytt til denne samanbindinga.
Om far deira veit vi berre at han heitte Mats.
Mor til Mats-sønene var Anna Fartegndotter. Ho var dotter til Fartegn Fillipusson og Magnilda Jogrimsdotter, som ser ut til å ha budd på Semeleng i Valdres. Dei er nemnd i brev frå 1415 til 1451.
Mats-sønene vert alle nemnd for fyrste gong i tida frå 1512 til 1519. Dei kan vera fødde kring 1475 - 1485.
Tord Matsson var rådmann i Bergen, Fartegn budde på Seim og Ænes, Sjurd budde på Randa og Talge i Ryfylke, Samson stod i teneste hjå Henrik Krummedike og budde i Numedal, Olav Matsson vert nemnd på Ænes og Tysse på Stord.
Fartegn Matsson
Fartegn er den som er mest interessann for oss. Han budde i Kvinnherad i 1518 og må vera den "Ffartin på Sem" som er oppført i ei skatteliste frå 1519. Han er nemnd i brev frå 1530 og 1532, i det siste brevet bur han på Ænes. Ænes var på denne tida Erkebispegods og Fartegn betaler landskyld til Olav Engelbriktsson i 1536 for garden. Han er og med i skattelistene frå 1563, men er avliden i 1564.
Fartegn var truleg den yngste av Matssønene og han skal vera fødd kring 1480.
Fartegn var gift fyrste gong med Karen Kold, ho var enkje etter Trond Rustung og mor til Admiral Cristoffer Rustung.
Så lenge Karen levde budde dei på Seim. Då ho døydde, truleg i slutten på 1520-åra, gifte Fartegn seg opp att og flytta til Ænes og vert nemnd der seinare. Kven den andre kona til Fartegn var veit vi ikkje.
Ei dotter til Fartegn og Karen Kold var gift med Laurits Johannesson på Valen, n.1563.
Dei eldste sønene til Fartegn var truleg Mats som budde på Ænes og Samson på Linga i Strandebarm.
Fartegn hadde og ein son Olav. Han fekk namn etter syskenbarnet til faren og vart kalla Olav Bagge, han vart bufest på Valen og har stor etterslekt i Sunnhordland.
Olav var mest truleg frå det andre ekteskapet til Fartegn.
Etter 1550 møter me brødrene Torgils og Laurits Johannessøner, på Valen. Dei fører galten i våpenet sitt og brukar tilnamnet Galt eller Galte og på folkemunne vart dei kalla Galtungane.
Dei var sønene til Johannes Galte på Aga eller Jøns som han og vart kalla i Hardanger. Mor deira var Gyrid Torgilsdotter.
Torgils Johannesson Galte
Torgils Johannesson var gift med ei dotter til Sevat Sandanger i Fister. Dei hadde ei dotter Åsa og ein son Johannes
Torgils flytta til Torsnes kring 1563, grunnen er noko aklår. Torgils hadde arva ein gardpart i Torsnes, og bygsla ellers noko jord der. Han skulle vera ein av dei rikaste jordeigarane i Hardanger, men det var ikkje uvanleg at rike jordeigarar kunne sitja på bygsla jord. Samstundes med at Torgils flytte til Torsnes flytte og Samson Lodvinson til samme garden. Kona til Samson, Herborg Petersdtr. var tremenning til mor til Torgils. Etter ei stund vart det strid mellom dei to innflyttarane. Striden enda med at Torgils slo Samson i hel.
I forliket i mars 1624, heiter det at drapet var gjort i vanvare.
Laurits Johannesson Galte
Bror til Torgils var Laurits Johannesson Galte, han var fødd kring 1500. Han skal fyrst ha vore gift med ei dotter til Trond Rustung og Karen Kold og i 1540 var han busett på Seim i Kvinnherad. Då kona døydde gifta han seg opp att med dotter til Fartegn Matsson og Karen Kold. Ho sat som enkje på Valen og han flytta då hit.
Laurits Johannesson hadde borna Johannes, Magdalena, Birgitte og Karen.
Magdalena vart gift med Godskalk Samsonson og flytta til Sundal i Mauranger. Då ho vart enkje vart ho gift opp att med Endre på Sundal.
Birgitte vart gift med Olav Bagge og vart buande på Valen.
Karen vart gift med Jakob Knutson Jørstad (Årdal i Ryfylke), han var enkemann og var far til Sidselle som vart kona til Fartegn Olavson Bagge.
Laurits Johannesson er ikkje nemnd på Valen i skattelistene for 1563 og må vel då vera avliden noko før. I staden finn vi på Valen ein Knut som er oppskriven med høg skatt og kan tenkjast å vera gift med enkja etter Laurits, han skattar då for 4 1/2 dalar og 9 skilling. Føre Knut i skattelista finn vi "Oluff i Vadelø" som må vera Olav Bagge.
Johannes Lauritsson Galte
I tida 1563 til 1578 finn vi Johannes Lauritsson Galte
(1540 - 1620) på Valen, han er då nemnt som lauskar og sagbrukar her. Han hadde eit svinehovud i seglet sitt.
Under sjuårskrigen let han seg bruka som brevbud til svenskekongen for slektningen sin, eventyraren Enno Brandrøk, som prøvde å få til ein oppreist mot det danske overherredømet. Johannes vart etter dette sett i tårnet på Bergenhus og måtte "løysa halsen sin" med 100 riksdalar.
Johannes opptrer i ein harredagsdom i 1578 på vegne av mor si og arvingane etter Sigurd Matsson på Talgje. Han vert då nemnd som Johan Lauritzsen j Walløen. I 1563 vert det nemnt i alt tre busitjarar på Valen, Johannes Lauritzson, Olav Bagge og ein Knut. Knut finn vi ikkje nemnd seinare, det har vore gissa på at han har vore gift med enkja etter Laurits Johannesson.
Johannes vart kring 1585 gift med Herborg Torbjørnsdtr. Sandvin, dotter til Torbjørn Olavson på Sandvin og Kristina Pedersdtr. Torsnes. Han fekk Torsnesgarden med henne. Dei hadde borna Laurits, Anna, Birgitte og Marite. Johannes og Herborg busette seg på Torsnes og vert rekna for å vera opphavet til den yngre Galtung-ætta på Torsnes..
Johannes Lauritsson Galte var etter måten ein rik mann. Då han døydde i 1620, rådde han over ei jordeiga på over 20 laupar smør. Ein trur å sjå tuftene etter husa hans enno, ved Johannesholmen (Valeøyo)
Karen Lauritsdotter
I ei skatteliste frå 1623 - 1624 i lensrekneskapen for Bergenhus len er "Karren i Wallen" oppskreven mellom jordeigande bønder i Sunnhordland og likeeins Fartegn Olavson. I den noko yngre odelsjordeboka for Sunnhordland 1626 finn vi "Karen Lauritsdaatter Wallen" med odel 2 laupar smør 2 pund smør og 1 hud.
Karen var stykmor til Sidsella, kona til Fartegn Olavson, då ho vart gift med Jacob Knutson Jørstad på Ombo etter at han vart enkjemann. Ein veit ikkje om born etter dei.
På sine gamle dagar flytte Karen heim att til Valen.
Olav Fartegnson Bagge
Olav Bagge d.y. er nemnt på Valen i 1563 og like fram til 1613. Av eit brev frå 1579 ser det ut til at han har butt på Valen så tidleg som i 1558.
Olav var son til Fartegn Matsson på Ænes av den såkalte Losna-ætta. Han skal vera oppkalt etter Fartegns syskenbarn, Olav Nilsson Bagge.
Olav var i 1591 Sunnhordlands-bøndene sin utsending til hyldinga av kong Christian IV i Oslo.
Olav Bagge var gift med Birgitte Lauritsdtr. Galte, dotter til Laurits Johannesson som vi har høyrt om før. Saman hadde dei borna Fartegn, Anna og Karine.
Olav er nemnd siste gong i skattelister for Bergenhus len fram til 1612 - 1613, då vi finn han saman med sonen Fartegn i ei korntiendliste. I ei tilsvarande liste frå 1615 - 1616 er det enkja etter Olav og sonen som vert nemnd.
Fartegn Olavson (Valentin Olson)
Fartegn Olavson bruker garden saman med faren frå 1604. Han brukte og namnet Valentin Olson.
Fartegn var gift med Sidselle Jacobsdotter frå Jørstad på Ombo. Ho var enkje etter Anbjørn Lunde i Ølen og var dotter til Jacob Knutson og truleg Maritte Ormsdtr. Byre. Far hennar, Jacob Knutsen, vart sidan gift med Karen Lauritsdtr. som var dotter til Laurits Johannesson Galtung på Valen.
I Valen eigde Fartegn i 1624, 3 1/2 laup smør, 2 1/2 huder og 4 1/2 spann korn. Han er ute av skattelistene i 1630 og det vert halde skifte den 28. mai 1632. Garden vart då skifta mellom dei tre døtrene hans, Marita, Karen og Birgitte.
Fartegns-døtrene
Då Fartegn Olavson døydde arva døtrene kvar sin tredjepart
(1 laup smør) i Valen. Enkja Sidselle sat att med resten.
Då ho døydde i 1665 vart det krangel om skifte etter henne.
Det var då svigersonen Børge Christopherson som i 1668 stemna svogeren sin Laurits Johannesson på Valen, men han fekk ikkje medhald av retten.
Marita Fartegnsdtr.
Marita vart gift med Laurits Johannesson frå Skorpo i Kvinnherad (d.1682). Dei busette seg på Valen kring 1646. Laurits var Lensmann i Skånevik Skipreide frå 1646 til 1664. Marita og Laurits var barnlause.
Laurits brukar og galten i seglet sitt. Han døydde i 1682.
Karen Fartegnsdtr.
Karen vart gift med Halstein Arnoldson Vaage på Sunde. Dei budde på Valen fram til 1640-åra, då bytta dei med Marita og Laurits Johannesson som då budde på Skorpo. Dei eigde og Lillestuen i Oppdal på Tysnes. Halstein og Karen makaskifte i 1651 deira part i Valen med 1 laup smør i Lillestuen til Marita og Laurits.
Karen og Halstein hadde borna: Fartegn, Nils, Peder, Anna, Sissel, Britha og Marita. Sonen Peder Halsteinson var fødd i 1641. Han var ugift og vanfør, men sat som husmann på Skorpo. Då syskena arva ein part i Valegarden, kjøpte Peder ut dei andre. Han gjorde seinare ein handel med Peder Montagne Lillienskjold på Handeland, der han makaskifta sin part i Valen. Dette førde til ein arvestrid som gjekk like til Høgsterett og som folket på Valen vann.
Birgitte Fartegnsdtr.
Birgitte (d.1689) vart gift med Børge Christopherson Aubø på Sjernarøy i Ryfylke (1600 - 1669). Han var ein velståande mann og hadde borgarskap i Stavanger. Dei hadde 8 born: Christopher, Børge, Valentin, Jacob, Mette, Sidsel, Anna og Karen.
Jacob Børgeson
I 1692 er det Jacob Børgeson som sit som eigar på Valen. Jacob var son til Børge Christopherson Aubø og Birgitte Fartegnsdtr. Han var fødd i 1659 og vaks opp på garden Aubø på Ombo i Ryfylke. Han kom tidleg i huset til moster si Marita og Laurits Johannesson på Valen. Då dei var barnlause var nok Jacob etla til å ta over garden etter dei.
Jacob hadde ein part i Valen etter mor si Birgitte. Då Laurits Johannesson døydde i 1682, overdrog Marita og sin part i garden til Jacob. Han sat då med ei eiga på 2 laupar smør i Valen.
Borna til Karen og Halstein på Skorpo arva ein laup smør i Valen etter Laurits Johannesson. Dette var den parten som Marita og Laurits hadde bytta til seg i 1651 mot Lillestuen i Oppdal.
Syskenbarnet til Jacob, Peder Halsteinson løyste inn dei andre arvingane og i 1683 pantsette han halvparten til Jacob. Jacob ville løysa inn den andre halvparten og, men dette gjekk ikkje Peder med på.
Fleire år seinare, i 1698, etter at Jacob var død, gjorde Peder handel med Peder Montagne Lillienskjold på Handeland. Peder makaskifte heile laupen i Valen mot ein jordepart på eit pund korn i Hemnes i Ryfylke. Dette makeskiftet var i strid med interressene til arvingane etter Jacob Børgeson og dei protesterte på dette. Endeleg etter dom i Høgsterett 26/5 1705 vann dei fram og fekk hand om resten av odelsgarden.
Jacob Børgeson set som lensmann i Skånevig Skipreide frå 1692 til 1694. Som lensmann var han friteken for skatt på garden.
Jakob Børgeson var gift med Kirsten Alant. Ho var dotter til Sorenskrivar i Ryfylke Michel Nilsen og Kristine Thornsdtr. Schive. Dei fekk seks born saman: Lars, Michel, Jacob, Marita, Brita og Kirstine.
Jacob døydde i 1697, han var då 38 år gammal.
.. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. ..
I oktober 1647 var det halde haustting på Valen for Skånevik skipreide. Då tinget var ferdig den 12. oktober skulle futen, skrivaren, tre tenarar og 10 rorskarar leggja i veg til Etne i den store vengebåten som futen hadde.
Dei la ut frå Valen tidleg på dagen. Det bles då opp til storm utetter dagen og det vart eit uver av det sjeldsynte.
I Skåneviksfjorden i nærleiken av Taraldsøy kollsigla dei og alle saman kom bort. Ved denne triste ulukka gjekk og pengeskrinet med kongens skattar tapt.
Den 29. januar året etter vart det halde fjordingsting på Valen. Tilstades var då den nye sorenskrivaren Carsten Dyrhuus og Peder Hansen som vistnok berre var mellombels fut i Sunnhordland, umframt lagrettsmenn og "den menige almue".
Enkja etter futen hadde stemna inn lensmann i Skånevik skipreide, Laurits Johannesson på Valen, kongelig visitør i Sunnhordland Claus Wrangel og bonde Odd Hjelmervik for å få deira sanne vitnemål om korleis ulukka hadde bore til og dessutan vitnemål om kva dei førde med seg av pengeskrin og andre ting.
Lensmannen vitna om at tysdag den 12. oktober heldt futen og skrivaren ting på Valen med allmugen i Skånevik skipreide. Futen hadde krevd inn skattar for siste året, det han kunne få, og restantar frå tidlegare år. Han førde med seg to jernbeslegne eikeskrin. Sorenskrivaren hadde med eit kvitt jernbeslått eikeskrin. Attåt dette hadde dei ein kuffert, flaskefor og andre tøkje som tilhøyrde anten dei eller tenarane.
Ulukkesdagen gjorde dei seg tidleg reiseferdig. Då dei hadde fått seg frukost, vart pengeskrina boren ombord i båten. Desse inneheldt dei pengane futen hadde teke imot på dette tinget og dei tidlegare tinga på turen, men kor mykje det viste ikkje lensmannen.
Om lag klokka 9 tok dei ut og sigla for ein"temmelig vind", men det la på til storm utetter dagen og det vart eit uvær som dei ikkje hadde hatt maken til på lange tider. Så lenge dei kunne fylgja båten, gjekk alt vel. Korkje fut, skrivar eller tenarar hadde drukke meir enn til maten denne dagen og dei var alle heilt edruge då dei la ut på reisa.
Husmann Jens Dyrnes frå Fjellberg kunne vitna om at han den 13. oktober om kvelden hadde sett ein stor vengebåt som rodde ut frå landet og streva seg opp mot vinden. Ved Segelberg vinda dei opp seglet og sigla for god bør. Men omlag midtfjords fekk dei ei kvass storm og haglebyge på seg. Han såg korleis båten vart kasta omlag rundt. Sjøen gjekk så høgt at det var umogeleg å komma dei arme menneska til berging eller hjelp.
Båten vart dagen etter funnen på Taraldsøy. Han låg i stranda med seglet halvt oppdrege på masta. Båtvengen var knust.
Storskrinet til futen og det kvite skrivarskrinet vart funne. Det vart sokna etter lika og det andre futeskrinet, men fåfengt. Lensmannen Laurits Johannesson vitnar om at enkjene etter dei to embetsmennene har, saman med han, både med eigne folk og ein stor part av almugen drive sokning med mange båtar og mangslags reidskaper etter dei salige menns lik og det bortkommne pengeskrinet; men til denne dag har dei ikkje funne anten det eine eller det andre.
Grenseoppgang
Den 9. august 1692 var Lagrettsmennene i Skipreida samla på Valen for å setja grensa mot Handeland og Eikeland. Jacob Børgesen hadde lagt inn klage på begge leiglendingene på Handeland, Paul Andersson Nolck og Anders Larsson. Paul Andersson vart skulda for å ha hogge lauv-ved på Valen. Samstundes var og leiglendingen på Eikeland, Paul Jonson og innstemna for at dei ved samme høvet skulle få gått opp denne grensa og. Forvaltaren ved Halsnøy Kloster, Johan Frimann var ikkje tilstades, men hadde sendt Mons Niels Olavson i sin stad. Både Handeland og Eikeland var klostergods.
Peder Halsteinson Skorpen møtte som eigar av ein halv laup smør på Valen. Det var vidare stemna fleire vitner. Mellom anna Knut Hidlestad, Gudmund Kallestad og Abraham Skarvaland.
Anders Larsson på Handeland var kjentmann og viste vegen i marka. Anders hadde tidlegare tjent på Valen hos Laurits Johannesson og Marita i atten år. Han la fram vitnesbyrd om at skifta mellom Valen og Handeland skulle gå frå varden på Astrifjellet og til Bjødnava og vidare over myra til Gaupedalen. Han vart spurd av Jacob om det var så at han hadde vore med og hogge "bjelker" på Tjosåsen medan han var på Valen. Han bekrefta det, men la til at Paul Anderson på Handeland hadde klaga på dette og at han ikkje viste om det var blitt noko forlik etter dette.
Sidan bar dei fram vitnemåla sine Alf Nedre Valen som hadde tent på Handeland for 40 år sidan i Jon og Jokkum si tid. Knut Hidlestad og Gudmund Kallestad som hadde tent på Valen i Laurits si tid og Abraham Skarveland som for førti år sidan hadde teneste på Handeland og fleire gonger seinare hadde hatt arbeid der.
Vi finn og Jacob Børgeson som eigar av Hauge på Halsnøy.
Sidan er sonen Lars nemnd her til garden vert seld kring 1733. (Sk.s. s.85)
Nicolaus Biering
Då Jacob Børgesen døydde i 1697 vart enka Kirsten gift oppatt med Nicolaus Biering. I folketellinga frå 1701 er Nicolaus Bjerring nemnd på Valen som bonde med jordegods.
Det vert sagt at Nicolaus døydde alt i 1701 berre 26 år gammal, men dette kan ikkje vera rett då vi og finn han nemnd som lensmann frå 1709 til 1716. I 1703 fekk Eid-kyrkja i gåve ein ny messehagel av Nicolaus i Valen og i 1712 vert han nemnd som eigar av ei ku hos Nils Halstensen på Skarveland.
Lars Jacobson (1689 - 1731)
Lars Jacobson budde fyrst på Skage på Hatlestrand i Kvinnherad, men han tok sidan over Valegarden etter Nicolaus Bierring og Kirsten. Lars vart gift med dobbeltsøskenbarnet sitt Kirsten Valentindtr. Talge, ho var dotter til den rike Valentin Børgeson på Talge, bror til Jacob Børgeson. Mor hennar var Maren Alant syster til Kirsten Alant, kona til Jacob Børgeson.
Lars var ein av dei arvingane etter Jacob Børgesson som anla sak mot Peder Montagne Lillienskjold på Handeland om den eine laupen smør som tidlegare var blitt makaskifta. Arvingane vann fram med sine krav etter ein høgsterettsdom i 1705 og "Montanjen" måtte gje frå seg den eine parten i Valen.
Kirsten og Lars hadde fire born:
a. Jacob som døydde ung,
b. Maren Kirstine fekk overta garden,
c. Kristine
d.Anna Birgitte vart gift med Caspar Wadbeck og er nemnd som enkje på Valen i 1801.
Hans Seehusen
Etter at Lars Jacobson var død i 1731 vart enkja Kirsten gift opp att med Hans Seehusen. Dei fekk og eit barn saman som døydde tidleg.
Medan Hans Seehusen sat med Valen kjøpte han Handeland gard etter Hoffjunker, Siegfried Montagne Lilienskjold, då denne var falitt i 1734, men han selde att alt i 1737 til Mathias Dahl, tidlegare forvaltar ved Baroniet i Rosendal.
Severin Seehusen (Svanenhjelm) var ein rådmannsson frå Stavanger som i 1690 hadde teke borgarskap i Bergen. Her dreiv han store forretningar og var ei tid ein svært rik mann. Han kjøpte det store Svanø-godset i Sogn og vart i 1720 adla med namnet "Svanenhjelm". I 1709 fekk han Orningaard på Stord og seinare og Fitjar med underliggjande gardar i pant for 1000 rdlr.- noko han seinare overdrog til stiftsamtsmannen i Bergen.
Undahl-slekta kjem til Valen (Etter familiemøte i 1893 skreiv dei alle seg for Undall)(Etter Siri Undall, Oslo)
Eldste dotter til Lars Jakobson, Maren Kristine, vart i 1745 gift med Jens Fredrik Undahl. Han var son til ein forretningsmann i Kristiansand, Ulrich Fredrik Undahl og Anna Cathrine Godtzen. Namnet kjem frå Undal ved Mandal.
Jens Fredrik Undahl (1719 - 1791)
Jens Fredrik Undahl var son til ein forretningsmann i Kristiansand. Han var gjennom oppveksten mykje på besøk hjå slekta i Kvinnherad. Slik hadde det seg at han kom i kontakt med Maren Kristine som var arving til garden på Valen.
Maren Kristine og Jens Fredrik overtok halve garden medan Hans Seehusen og kona hans enno levde. Dei budde då på Nordre-Valen.
Jens Fredrik Undahl var krigskommisær og krigsråd.
I 1752 er Jens Undahl nemnd i ei sak der han var innvikla i eit slagsmål med ein Per Person på Toftekalven. Det vert sagt at Jens "overfaldt ham med hug og slag", tok ein staur og jaga han ut på sjøen. Men begge hadde vist vore drukne.
Jens Fredrik og Maren Kristine hadde fire born, Lars Fredrik som overtok garden, Anna Cathrine f.1749 døydde ugift i 1821, Jens Ulrik f.1757 d.1909 ugift, Kristine Marie f.1753 vart gift med Løytnant Jacob Fredrik Weltzin frå Kambe i Etne.
Jens Fredrik Undahl døydde i 1791, men det vart ikkje halde skifte før 10. desember 1899.
Lars Fredrik Undahl (1747 - 1832)
Lars Fredrik Undahl tok over halve garden i 1778. Han sat då med 1 1/2 laup smør og 1 hud i Valen. Ved skiftet etter foreldra tok han over resten av garden i 1799.
Lars Fredrik var gift med Marie Frimann Dahl (1774 - 1850). Dei hadde 4 born, Jens Fredrik, Aksel Rosenkrantz, Vilhelm Frimann og Johanne Margrethe.
Johanne Margrethe vart gift med Johan Daniel Galtung (1790 - 1886), propritær på Torsnes. Johan Daniel sat med garden på Torsnes til han var 83 år gammal. Han flytta då til Valen og budde hos sonen Jens Christopher som var gift med syskinbarnet sitt Anna Christine, eldste dotter til Axel Rosenkrantz Undahl, den tida dei budde på Valen.
Garden vert delt
I skiftet etter Lars Fredrik Undahl vart Valegarden delt i to bruk mellom dei to eldste sønene hans, Jens Fredrik og Axel Rosenkrantz Undahl. Dei hadde odel på kvar sin halvpart av garden, tinglyst 4 mars 1822.
Deling og skyldsettings-forretning vart halde på Valen den 23 oktober 1833 og grensene vart her sette mellom dei to bruka. Det vart deretter kasta lodd mellom dei to brødrene om kva bruk dei skulle få. Utfallet av dette vart at Jens Fredrik skulle overta Nordre-Valen (Nr.2) og Axel Rosenkrantz hovedbruket, Søre Valen (Nr.1). Jens Fredrik som ikkje var nøgd med dette utfallet, forlangte overskjøn på delingsforretninga. Dette er bakgrunnen for at deler av Søre Vågen seinare vart tilhøyrande Nordre-Valen.
Jens Fredrik Undahl (1803 - 1846)
Jens Fredrik Undahl var fødd 26. desember 1803 og vart utdanna som millitær. Då han døydde den 28. desember 1846 berre 43 år gammal, var han kaptein og divisjonsjef i Bergenske Brigade. Han var og veginspektør i Søndre Bergenhus Amt.
Jens Fredrik var gift med Khristine Kathrine Kahrs (1815 - 1891), ho var dotter til presten Ditmar Kahrs i Fjellberg.
Jens Fredrik og Khristine Kathrine hadde ikkje born.
Då Jens Fredrik fekk overta Nordre-Valen etter delinga av garden, sette han opp nytt våningshus øvst på Kringlebakken. Han fekk og bygd ny løebygning.
Ordførar i Eid herad
Jens Fredrik Undahl vart den første ordføraren i Eid herad då formannskapslova tredde i kraft i 1837. Heradet skulle etter retten fylgja prestegjeldet, men unntak kunne gjerast dersom ei sokn høyrde til eit anna skipreide. Etter søknad vart det godtatt at Eid vart eige herad utanom Fjellberg då Eid høyrde til Skånevik skipreide. Denne ordninga med Eid herad varde like fram til 1860. Vervet som ordførar hadde Jens Undahl fram til 1843, då vart han avløyst av bror sin Wilhelm Frimann Undahl.
Jens Fredrik Undahl var svært engasjert i opplysningsarbeid og det vert sagt om han at han var ein føregongsmann i beste meining med mange interresser og uvanleg stor dugleik og arbeidshug. Frå denne tida vert han omtala med stor respekt. Det er berre lovord å høyra for den interressa og godvilje han synte, når det gjalt å fremja saker som kunne komma folk til gode. Han var den fyrste som reiste spørsmålet om ein landbruksskole i Søndre Bergenhus Amt då han søkte til kongen om dette. Det var dette som gav støyten til etableringa av landbruksskulen på Sandvik i Kvinnherad.
Sokneselskapet
Jens Fredrik Undahl var den som tok initiativet til å stifta eit sokneselskap i heradet. Sokneselskapet var ei privat stifting eller lag. Stiftinga hadde til formål å heva folket opp på eit høgare åndeleg nivå og betra deira økonomiske kår. Dei tok opp nye tiltak og framsteg innan jordbruk, fruktavl, fedrift, fiskeri, husflid og økonomi. Vidare arbeidde dei sterkt for folkeopplysninga.
Føregangaren for sokneselskapet var Selskapet for Norges vel som vart skipa i 1809. Oppbygginga av denne organisasjonen på landsbygda førde til skiping av mange slike selskap rundt omkring i landet i fyrste delen av 1800-talet.
I Fjellberg prestegjeld vart det den 9 januar 1833 halde det fyrste møtet i sokneselskapet. Saman med løytnant Andreas Juel på Halsnøy var det Jens Fredrik Undahl som var framdrivaren i dette arbeidet. Wilhelm Frimann Undahl var og med frå starten av og hadde fleire tillitsverv. I 1841 vart det skipa eige selskap berre for Eid sokn.
Sokneselskapet fekk igang skule for vaksen ungdom på sundagar. Her skulle ungdom få opplering i lesing, skriving og rekning, tre timar kvar sundag, når det ikkje var preik i kyrkja. Då det var stor mangel på lærarkrefter, tok Jens Fredrik på seg oppgåva og reiste frå Valen til Halsnøy kvar sundag for å bidra med sine kunnskaper. Skulen fekk etter kvart så stor etterspurnad at det mest var uråd å skaffa plass til alle.
I Eid sokn skipa sokneselskapet i 1841 eit "allmuebibeliotek" for å skaffa folk nyttig lesestoff, Tilskot vart gjeve frå kyrkjedepartement, kommune og mange private. Gunder Gunderson som var frå Mula på Handeland og seinare vart ein vidgjeten rosemalar, var omgangsskulelerar og busett på Sæbøvik, han fekk oppgava å styra bibelioteket.
Eid Sokn Sparebank
Eid sokn Sparebank, den eldste banken i fylket, vart og skipa i 1841 etter initiativ frå sokneselskapet. Den som gjekk fremst og skal ha størst æra av at dette tiltaket vart sett i verk, var Jens Fredrik Undahl.
Banken vart skipa den 1. juni 1841 og godkjend ved kgl. resulusjon av 7. mai 1842. Den er såleis omlag jamnaldrande med det kommunale sjølvstyret her i landet.Føremålet til banken var som det stod i første delen av vedtaket "at oppmuntre alle daglønnede og tjenesteydende i Eid sogn til flid, sparsommelighed og sedelighed". Dei som hadde noko med banken å gjera, kunne få dette gjort når det høvde best, også om søndagen - ja helst om søndagen etter kyrkjetid.
Ved slutten av første året, 1842, hadde banken berre to innskytarar og ein låntakar. Den eine innskytaren var "tjenestepige i Valen Ingeborg Monsdtr.Haugland. Ho hadde då 4 spd. i banken. Pengane var innsett av Undahl, og det er truleg at ho tente der på garden, og at det er han som har rådd henne til å setja pengane i banken.
Etter kvart vaks verksemda til banken. Det som til no hadde innskrenka seg til berre å femna om Eid sokn vart utvida og det melde seg snart inskytarar og låntakarar frå andre bygder som ikkje hadde bank.Som ettersynsnenn i den fyrste tida gjorde løytnant Juel teneste i fleire år. Ved sida av han skiftesvis Wilhelm Frimann Undahl, Axel Undahl og Gerhard Geelmüde Dahl på Handeland.
I den siste tida sokneselskapet var i verksemd vart det lagt ned mykje arbeid for å betra postgangen. Mellom anna vart det gjort framlegg om ei siderute frå Valen over Halsnøy og Stord til Finnås, med nye poståpneri. Det rike vårsildfisket som gjekk føre seg vest mot havet trekte mange folk frå våre kantar til Bømmelhavn og Espevær. Folket vart liggjande der ute ofte på vekevis og venta på silda og etterspurnad etter postgang denne vegen vart stadig større.
Det var vidare i gang arbeid med å få utgjeve eit vekeblad som skulle ha namnet "Søndre Bergenhus Amtstidende" og som særleg skulle ta for seg det som gjekk føre seg her. Denne saka var komme så langt at sokneselskapet,ved Jens Fredrik Undahl den 25. november 1846 sender framlegg til kontrakt til boktrykkjar Beyer i Bergen, som skulle trykkja bladet.
Saka om eigen avis kom ikkje lenger, då Jens Fredrik Undahl som var den drivande krafta i selskapet døydde etter eit stutt sjukelegja alt den 28. desember, berre 43 år gammal. Etter denne dag har ikkje sokneselskapet gjeve livsteikn frå seg.
Axel Rosenkrantz Undahl (1807 - 1886)
Axel Rosenkrantz var veginspektør. Han vart gift med Jacobine Fredrikke Weltzin frå Etne (1817 - 1889). Ho var dotter til kaptein Johan Jørgen Ludvig Weltsin (1790 - 1875) og Anna Cathrine Børretzen (1787 - 1866) som budde på Kambe i Etne. Jacobine Fredrikke eller "Madamen" som ho vart kalla på folkemunne ,,var ei særs myndig dame og ho var kjend for å driva arbeidsfolket svært hardt.
Axel Rosenkrantz og Jacobine hadde 8 born saman, Anna Catharine, Jens Fredrik, Berntine, Johan Jørgen, Ludvig og Wilhelm Frimann.
Axel kjøpte i 1832 garden Sandvik i Kvinnherad av Severin Heiberg Segelcke, men han selde att berre etter nokre få år.
Wilhelm Frimann Undahl (1809 - 1871)
Då Jens Fredrik Undahl døydde i 1846, overtok broren Wilhelm Frimann Nordre-Valen etter han. Wilhelm var kaptein, han var fødd i 1809 og døydde i 1871 ugift. Han var og svært samfunnsengasjert og overtok som ordførar i Eid etter broren Jens Fredrik i 1843.Av saker som vart fremja frå hans side kan nemnast forslaget om å skilja Husnes sokn frå Kvinnherad og leggja det under Fjellberg prestegjeld, men dette framlegget vann ikkje fram.
Wilhelm Frimann Undahl hadde fleire bidrag til Asbjørnsens innsamling av eventyr. "De tre brødre", "Tregårdsgammelen" og "Ein Kaptein, ein løytnant og en soldat som var ute og leita etter kongsdøtrene" er eventyr han fekk skrive ned.
Då Wilhelm Undahl døydde overtok Axel Rosenkrantz Nordre-Valen etter han, slik at han dei siste åra sat med heile garden.
Jens Fredrik Undahl (1848 - 1915)
Jens Fredrik var den eldste sonen til Axel Rosenkrantz og Jacobine Fredrikke. Han vart utdanna ingeniør i Horten. Etter nokre år i Sverige, der han kom bort i fyrstikk-produksjon, var han aktivt med og starta fleire fyrstikkfabrikkar rundt omkring i landet. Han hadde hand om og eigde fabrikkar i Halden, Asker, Sogndal og i Bergen. Han fekk igang fyrstikkproduksjon også på Valen, men produksjonen her vart stoppa av brann etter få år.
Jens Undahl hadde og planar om å få igong ein hermetikkfabrikk på Valen. Området mellom elvane nede ved sjøen vart seld til ein skipsreiar Brådland med dette målet for auga. Men desse planane vart det aldri noko av. (Brådland selde nokre år seinare området til Christian Drangsholt)
Jens Fredrik var gift med Petra Elise Brown, ho var fødd i 1856 og var oppvaksen i Eid sokn. Dei hadde 5 born, Fredrikke, Johanna, Bergljot (Gulla), Axel Rosenkrantz og Yngvar.
I 1915 då sonen Axel skulle overta garden fekk Jens Fredrik bygd eit vilkårshus på søraust sida av hovedhuset i Søre-Valen, der han og Petra Elise skulle bu, men han døydde før huset var ferdig. Petra Elise flytta då opp aleine. Ho døydde der i 1945. Døtrene Johanna og Gulla som hadde arbeid ved telegrafen i Bergen flytta inn i vilkårshuset til mora og her kom den fyrste rikstelefon-stasjonen på Valen 21 november 1898. Den vart dreven av "Undahls-frøknane" like fram til 1951 då den vart flytta ned til Solstrand.
Wilhelm Frimann Undahl (1860 - 1928)
Den yngste sonen til Axel Rosenkrantz Undahl, Wilhelm Frimann overtok Nordre- Valen. Han var gift med Marie Scheldrup. Dei hadde ikkje born sjølv, men adopterte ei jente som heitte Ida. Ho vart seinare gift med leiar for kraftutbygginga på Valen, Ingeniør Christian Drangsholt. Ida Drangsholt skreiv fleire bøker, blant anna med emne frå Valen i gammal tid.
Nordre-Valen vart i 1908 seld då Amtstinget vedtok at det skulle bygjast eit eige asyl for sinnsjuke på Valen. Amtet sikra seg og vannkraft til drift av eige kraftverk for "asylet".Sjukehuset stod ferdig 1. oktober 1910, og hadde totalt kosta omkring Kr 600.000.
Wilhelm Undahl og kona flytta frå hovedhuset øverst på "Kringlebakken" og ned til sjøen like ovanfor kaien , der dei fekk sett seg opp eit hus. Staden kalla dei "Solstrand".
Då fylket kjøpte Nordre Valen betalte dei Kr 100.000 for dette. Wilhelm Undahl hadde ikkje halde av nokon parsell til seg sjølv. Om dette var i vannvara eller ikkje er ikkje godt å sei i dag, men det virkar noko rart at han straks etterpå kjøper Solstrand tilbake for ein heller stor sum, nærare halvparten av det han før hadde selt garden for.
Axel Rosenkrantz Undahl (1891 - 1965)
Då Jens Fredrik Undahl døydde i 1915 overtok sonen Axel Rosenkrantz Søre-Valen. Samme året vart Axel gift med Astrid Hambro (f.1887), ho kom til Valen som guvernante for Axel. Astrid var frå Bergen og syster til den kjende politikaren Carl Joakim Hambro. Foreldra var Edvard Isak Hambro og Nicoline Christine f. Harbitz.
Axel og Astrid hadde 4 born saman, Jens Fredrik, Edvard, Petra og Axel.
Axel Undahl vart på mange måtar rekna for å vera ein bygdaoriginal. Då sjukehuset vart etablert vart det inngått avtale om at det som garden i Søre-Valen kasta av seg skulle kunna avsettjast på sjukehuset til dagens pris. Men Axel hadde lite greie på gardsdrift. Det vert sagt om han at han starta med 14 kyr og 2 hestar og enda med to kyr og ein hest.
Fylket var ute etter å samla heile garden under Sjukehuset og det vart iherdig arbeid for at Søre-Valen skulle bli ekspropiert.
Sonen til Axel og Astrid, Edvard, fekk landbruksutdanning og det var meininga at han skulle ta over bruket, men slik skulle det ikkje gå. Det kom til sak om odelen på garden. Axel som hevda odel tapte til slutt i Høgsterett. Saka gjekk etter dette like opp til departement og storting, men fylket fekk det som dei ville og Axel måtte selja Søre Valen for takst til fylket i 1930. For fem kroner målet vart Søre-Valen gard selt til fylket. Axel vart buden Kr 10.000 som ein slags erstatning, men han tok aldri mot desse pengane.
Axel og Astrid reiste etter dette til Ulvik i Hardanger der dei busette seg. Axel døydde der i 1965.
Det har av mange blitt hevda at det var stor urett det som vart gjort då Søre Valen vart ekspropiert og mange meinar at det var mykje insatsen til direktør og overlege på sjukehuset, Konrad Lunde, som gjorde at saka fekk denne utgangen for Axel og Undahls-familien.
- Reidar Handeland -