Ida Drangsholt:
Lykkeridderen 1949
Trollfuruen 1947
Hverdag
og fest i oldemors dager 1946
… og så
gror det 1944
Fru Jette
til Grande Gård 1944
Viljen og
kjærligheten 1960
Ida Drangsholt:
Ida
Drangsholt (Undall), 1892-1965, vaks opp på Nordre Valen gard som dotter av
gardseigaren. På nabogarden budde onkelen med sin familie.
Ho beskreiv alltid
oppveksten som rik og trygg, ho skjønte at ho høyrde til dei priviligerte.
Alltid nok mat, mykje folk og gjestelag, mange skular og bøker. Dette var ikkje
sjølsagt i dei dagar.
Både far og
onkel var med på samfunnsbygginga, som ordførarar, post- og veginspektør, Eid
sokn sparebank vart starta som eit lokalt foretak Undall/Juell, som
kulturinteresserte var brørne med og samla inn eventyr til
Asbjørnsen og Moe, og då Asbjørnsen var på Valen i besøk fekk han med seg
eventyret ”Fra en Vestlandsk skovdal”, lokalt
forankra
gjennom namn og folk herifrå (Norske Huldreeventyr og
Folkeeventyr. Bind 1).
Proprietæren, far hennar, var ikkje berre
samfunnsbyggjar, nokre gonger hadde det meir preg av spekulasjon og
risikoforetak, til dømes satsa han mykje på fyrstikkfabrikkar. Det vart tilmed
bygt ein på Valen. Undall var involvert i ei rekkje slike rundt om i landet, dei
fleste brann etter kort tid, og let eigarane att med store tap.Trass i store eigedomar og mange bein å seta drifta
på, gjekk det på starten av 1900talet mot slutten for drifta av Nordre Valen
gard.
Garden vart seld til Hordalands Amt i 1908 og asylbygginga tok til.
Familien bygde og flytta inn i Solstrand, og her fekk Ida læra å kjenna brå og
absolutte endringar i høve til livet ho hadde levd. Eg har ofte tenkt at denne tida, då gamle og rike
familiar og gardar mista mykje av grepet dei hadde på samfunnet rundt seg, då
husmenn kunne reisa seg ut av historia som overtakar etter far og giftarmål over
bøen til arbeid som frie menneske og reisande til Amerika, at dette var ei
spanande omveltningstid for alle i landet. Det var ei reformasjonstid utan like;
utdanning til alle, avskaffing av husmannsvesen og legdordning, jordereformer,
elektrisitet og industri ….
Ida Drangsholt vart etterkvart ei ’vanleg’ jente, ho
som kunne føra slekta tilbake 700 år tilbake til dei store adelsslektene på
Vestlandet ! Desse hundreåra bakover vart temaet i hennar seinare bøker, dei
fleste av dei finn stad på Valen/Eikeland eller Handeland (Lykkeridderen). Det
er heller ikkje vanskeleg å tenkja seg kor Fru Jette til Grande gård finn stad.
Med slik forhistorie var det kan hende ikkje så rart at bøkene hennar vart
svermeriske, lagt til ei tid då gammal orden var intakt, då rike og fattigfolk,
bønder og husmenn rådde med det meste.
Ida Drangsholt møtte ingeniøren Kristian Drangsholt
på Valen og etterkvart gifte dei seg. Etter utbygginga av vasskraft i
Valefjellet søkte dei mot Austlandet.
Ida Drangsholt besøkte Valen seinare med
ujamne mellomrom, og valde å la seg begrave her blant sine forfedre. Ho ligg på
’gamle gravplassen’ på Valen.
Ida Drangsholt skreiv på dannet riksmål, men var
tidlig ute med å legga samtalar i bygdemiljøet til eit tilnærma landsmål/’valo-isk’.
Så vidt eg veit, har ho gjeve ut seks bøker i
tidsrommet 1944 – 1960. Dei mest kjende er vel ’Trollfuruen’ og ’Lykkeridderen’.
Dette er romantisk lesnad, nokre gonger ’over kanten’, men kan likevel vera både
kjekt og nyttig: Mange skikkar, gards- og slektstihøve vert ein kjent med,
bakgrunnen for nokre av dei topografiske namna i området blir klarare. Det vert
referert til slekta på Seim og i Baroniet, gjestebod i romjula der hesteveddeløp
over Høylandssundet var del av feiringa, postvegen med Olavskjelda der dei som
var på veg mot det ’svedende og undergjørende krusifiks’ i Røldalskyrkja tok seg
ein tår og ein rast; så har me vår eigen pilgrimsveg her i området ! Gjennom
Teigadalen og mot Ølfarnes, - postvegen.
For den som måtte føla seg kalla til å besøkja Valen,
Kvinnherad og Vestlandet i gammal tid kan eg berre anbefala desse bøkene. Du får
tak i dei fleste gjennom ulike antikvariat på internett. Ida Drangsholt er på det
meste gløymt. Det er på tide å trekkja henne fram frå skuggane og gi henne
merksemd. Dette burde vera ei oppgåve for bibliotek og kulturmynde. Kva med å
bidra til ei nyutgjeving og to ?
Bøkene som her er avbilda her har eg fått tak i gjennom ulike antikvariat. Det
er enno mulig å få tak i fine eksemplar.
Velbrukte eksemplar kan de låna her:
http://kvinnheradbibliotek.no/