Tanken
om museum har vore tenkt lenge. Gode krefter har vore i aktivitet i ei årrekkje,
og har fått kunnig assistanse av
Sunnhordaland museum.
Helse Fonna og
Hordaland Fylkeskommune har også bidrege. Viktig eldsjel har også her vore Reidar
Handeland.
Museet har ikkje eiga nettside, heller ikkje har Sunnhordaland museum valt/rukke å ta
det med på sidene sine. Helse Fonna har gjennom flicr lagt ut eindel
bilete
Omvisning kan tingast gjennom sentralbordet til sjukehuset, Tlf: 53 46 64 00,
eller snakka med Reidar
Telefon: 53 48 45 95 , Mob: 90 98 84 78 / 90 08 60 73
e-post:
Reidar.Handeland@helse-fonna.no eller
reidar.handeland@knett.no
Eg (KET) har rusla rundt i fred og ro og fått ta desse bileta romjula 2012.
Kommentarane er mine eigne.
Laboratoriemateriell, frå synstesting til autoklave. Sprøytene var i glas og
metall og vart tekne vare på og brukt igjen og igjen
Det var to slags lobotomering. Den eine ved å drilla hol i skallen, noko som tok
tid og krov anestesi i tillegg til at det kunne vera farleg. Verktøyet over vart
brukt då lobotomien skaut fart, ein gjekk inn over auget og slo med hammaren til
streken på 'nåla'. På Valen og i Hordaland slutta ein med inngrepet ikring 1964.
For meg, som arbeider i helsevesenet, er det ufatteleg kor mykje folk framleis
er opptekne av dette, dei spør og grev, så dette har sett spor i 'folkesjela'.
"Lobotomi, kirurgiske inngrep som bestod i overskjæring av forbindelsen mellom
hjernens fremre del (frontallappen) og andre hjerneavsnitt (frontal-lobotomi,
prefrontal leukotomi), en ikke lenger brukt form for kirurgisk behandling av
kroniske og alvorlige psykiske lidelser (psykoser, spesielt schizofreni). Ble
benyttet en del i Norge og utlandet før moderne legemidler (nevroleptika) slo
gjennom for fullt i behandlingen. Målsettingen med inngrepene var å dempe uro,
svær psykotisk angst og andre invalidiserende psykotiske symptomer"
(frå mine notater som student)
Meir på Bernt Eide sine sider
"ECT er en meget effektiv behandlingsmetode ved visse livstruende, psykotiske
eller psykiske lidelser som vanskelig kan behandles, spesielt dype depresjoner
kjennetegnet ved næringsvegring, uttalt selvmordsfare, stupor eller sterk angst
og forvirring. ECT brukes også ved kroniske og markerte depresjoner forbundet
med funksjonssvikt som ikke reagerer på medikamentell og psykologisk behandling.
Ved akutte forvirringstilstander i forløpet av en schizofreni (schizofrent delir,
kataton stupor) kan ECT være livreddende. Ved dype depresjoner under graviditet
er ECT mer skånsomt for mor og foster enn mange former for psykofarmaka"
(frå mine notater som student)
Før bruktest metoden for 'uro' og utan særleg anestesi, slik at pasienten blei
utmatta av dei store, epilepsiliknande krampane. I dag brukar ein full narkose
og berre til folk som har prøvd annan behandling mot depresjon først.
Teikninga over, som ein lege ved sjukehuset sto for, viser at me nok ser
annaleis på det i dag. Som gjest på museet får du sjå glimt frå 'valefilmen' (oppteken
av dr Hesja i 1952). Her visest også ei 'sjokk' behandling, og at denne kunne gå
heller voldsomt føre seg.
Fin
utsikt frå kontoret.,
.....og mykje å setta seg inn i :
Opphaldsrom, daglegstove
og
ein trall og musikk !
Lighter som alle måtte bruka. Ingen fekk ha eigne stikker inne. Husa kunne vera
svært brannfarlege, særleg dei gamle koloniane.
Avdelingskjøkkenet, eller anretningen, som det vart kalla.
Ein sengepost kunne godt sjå slik ut, sengene sto tett.
"Det blå lyset ute. Dit skal ikkje eg. Her må eg ligga, stemt opp mot reimar.
Dei kvitkleidde seier at det enno er håp. Eg ser det ikkje" (notat)
Frisørutstyr til permanent.
Det var ikkje kjekt å legga folk i belte, eller tvangsmedisinera, men ein trudde
det måtte til. Heldigvis er det meste av dette borte.
Stakkars krypane. Kom reisande til Valen, med sin første pakka koffert i hendene.
Nokre kom aldri heim att.
På vevstova var det mange som arbeidde flittig.
Arbeidsstovene tok over i 70åra. Garden hadde sytt for mykje sjølberging, men då
måtte arbeidslaga trø til. Det var såing og hausting, det var park og gartneri,
det var sager nede ved fjorden, det var skogsarbeide, det var verkstader og mangeslungen produksjon.
Vevstovene vart erstatta av arbeidsstover, så vart det meir innearbeid og finarbeid.
Nei, folkens. De får ta dykk ein tur til museet i Valo. Her kan de også få sjå
klipp av 'valenfilmen' og intervju med
Konrad Lunde.
Olav H Hauge: "De spør om eg kjenner Kina ?/ Ja, spør de, berre spør./ Eg som i
årevis venta/ utanfor Kinas dør./ For døri ho var gul ho,/ det var derifrå
brødskiva kom./ Eg veit eg stend høgt i Kina./ Og skuffa var aldri tom" (Matluka
på avdelinga hadde fått namnet Kinas dør).
Hauge var i fleire vender innlagt på Valen, noko Hans Sande kjem inn på i
romanen "Slepe rundt på døde dyr "(Gyldendal 2009), ei bok som er morosam og
sorgtung på ein gong. Fortelinga er lagt til Valen sjukehus, egpersonen er kalla
Andor Skorpen og er hjelpepleiar ved sjukehuset. Andor har lengten etter å bli
forfattar i seg, stor kunstnar vil han bli, men er vel helst ein drøymar som sit
fast i kvardag og rutinar. Han gler seg til kvar gong Olav H Hauge vert innlagd,
han som kan bedømma kunstverka til Andor, på lange fotturar innover i
Handelandsdalen (kalla bedringens vei) vera mentor, vegleiar og pasient.
Og sonen til naboen. Og hans eigen son. Og Andor si sorg............