Namnet tyder iflg. O.Rygh, garden
under bratt/utoverhengande fjell.
Handeland har frå gammalt av høyrt
til Halsnøy kloster. Klosteret hadde avlsgarden sin her. Her var og sag som vart
tidleg tatt i bruk. Alt i slutten av 1500-åra finn vi skottar som lastar tømmer
på Handeland. Sager finn vi seinare i begge elvane etter Handelandsfossen. (Holeelva
og Sandvollelva) ?
Svein på Handeland I skatterekneskapen finn vi i 1563 ein Svein som set
på Handeland
Ola og Anders Handeland
I skatterekneskapen for klosteret for 1614 finn vi Ola og Anders som skattar 3
laupar smør og 3 huder.
Anders er nok den Andor Handeland som vitnar mot presten Pintzbakk i 1624. Han
har då vore i klammeri med presten under eit lag på Halsnøy.
Mikkel på Sævareid
Det vert og nemnd at ein Mikkel på
Sævareid eigde jord på Handeland. (Skåneviksoga III, s.38)
Jon og Jochum Handeland
På midten av 1600-talet er det
nemnt Jochum og Joen som set på Handeland. I 1647 skattar dei kvar for 1 1/2
laup smør og 1 1/2 hud. Joen er truleg den Jon Handeland som set som
klosterlensmann frå 1644 til 1645. Han budde på Handeland og brukte halve garden
skattefritt som lensmann.
I 1657 før dei to bruka på Handeland tilsaman 2 okser, 28 kyr, 12 ungfe og 8
geiter.
Paul Andersson Nolck og Anders Larsson Handeland
Paul Andersson Nolck kom til Handeland frå Nordebna i Skånevik. Paul var gift
første gongen med Marta Persdtr. Storhaug (f.1620-åra). Då han vart enkjemann
gifta han seg opp att med enkja Anna Samsonsdtr. (Slee) frå Kjærland i Uskedalen.
Far hennar var Samson Lauritsson frå Skage som var sonason til Gaute Ivarson på
Valen. Vi veit ikkje om barn etter Paul i nokon av ekteskapa.
Vi finn Paul Handeland nemnd i 1681 då sunnhordlendingane skikka seg rebelsk på
tinget i protest mot fogden Johan Torson. Dei skulda han for å ha teke større
skattar av bøndene enn det som var påbode av kongen. Legdskatten som skulle vera
til soldatløn var og i mange tilfeller underslegen. Bøndene valde då seg imellom
3 av sine fremste menn til å taka seg av klagemålet. Desse karane sette saman
eit klageskriv som vart sendt til kongen i København. På dette tinget er det
nemnd ein Paul Andersson. Han vil ha innført i tingboka at bøndene på
offisergardane i Sunnhordland har måtta betala ekstra 1 rdl for laupen smør til
Proviantskatt og korn og høyskatt.
Paul Anderson Nolck er nok den Povel som er nemnt som eigar av ein part
i eit Bergenskip i 1683 og i 1686 står han nemnt som eigar av ei sag på Lien i
Åkerfjorden. Denne saga vert brukt til å skjera tømmeret som var i klosteret si
eiga der inne.
Under grenseoppgangen mellom Valen og Handeland i 1692 er det nemnt to
leiglendingar som set på Handeland, Povel Andersson og Anders Larsson. Ved dette
høvet vert det nemnt strid mellomHandeland og Valen om grensa.
Paul Anderson Nolck døydde i 1694, og garden vart kjøpt av Peder de Montagne
Lillienskjold, me gjev han ekstra merksemd under.
Anders Larsson
Anders Larsson finn me nemnd på Handeland på samme tida som Paul Anderson Nolck.
Han vert nemnd som brukar av halve garden og han er og med under grenseoppgangen
mellom Valen og Handeland i 1694.
HansSeehusen
Handeland vart kjøpt av Hans
Seehusen som då sat med Valegarden, men han selde att til Mathias Dahl alt i
1737, prisen var 405 rdl.
Mathias Dahl (1694 - 1764)
Mathias Dahl som kom frå Kristiansand var forvaltar på Baroniet i Rosendal i
over 20 år, frå 1725. Det var Ditlev Vibe og Christian Lerce som sat med
Baroniet i desse åra. Då Edvard Londemann tok over i Rosendal vart det snart
usemje mellom dei og Dahl si tid som forvaltar tok snart slutt. Londemann hadde
med forundring og mistru sett den store jordeiga som Dahl sat med, m.a. Fet
gardane i Omvikdalen og Uskedalen, Landa, Fausk, øvre Sandvik og Vetle- Omvik og
mykje meir. Heile eiga hans var verdsett til over 3000 riksdalar ved skiftet
etter han i 1765. Men det var eit godt gifte som hadde velsigna Mathias Dahl med
all denne jordeiga. Med dotter til presten Frimann fekk han det meste av
jordegodset til svigerfaren, då han fall frå i 1749.
Etter tida i Rosendal busette han
seg på Indre Fet i Omvikdalen. Han fekk seinare og hand om Bjelland på Sunde
etter svogeren, Wilhelm Smith. I 1737 kjøpte han Handeland gard av Hans Seehusen
på Valen, men han budde aldri på garden sjølv.
Mathias Dahl kjøpte seg tittel som krigskomisær og mange av sønene hans vart
yrkesmillitære.
Han var gift med Marie Frimann som var dotter til presten Wilhelm Frimann i
Kvinnherad og Maren Pedersdtr. Arntz. Dei fekk saman 11 born, av dei 8 søner.
Dei tre døtrene og tre av sønene døydde ugift. Av dei andre fem var det to som
busette seg i Kvinnherad. Niels Dahl på Indre Fet i Omvikdalen og Johan Koren
Dahl på Nedre Fet i Uskedalen ("Kapteinsgarden"). Henning Frimann Dahl vart
busett på Tysnes og Christian Lerche Dahl vart sivil embetsmann, fut i Ryfylke
og justisråd.
I familien Dahl si eiga var og store gardar som Hauge og Aalrekstad. Hauge som
var ein av dei største gardane der Haugesund no ligg, var eigd av brødrene Niels
og Johan Koren Dahl. Den gamle kongsgarden Aalrekstad (Årstad) i Bergen kom i
Christian Lerche Dahl si eiga ved arv kring 1797, men han selde denne i 1812.
Niels Dahl
Niels Dahl arva Handeland då faren
fall i frå i 1764, men han gjorde seinare makabyte med eldste bror sin, Wilhelm
Frimann, som hadde fått Indre Fet der foreldra budde. Om han nokon gong budde på
Handeland veit vi ikkje. Han kjøpte og opp gardane Øvre Sandvik i Omvikedalen og
Halsnøy Klostergård. Klostergarden gjekk seinare tilbake til Juel-slekta som
nytta odelsretten.
Niels Dahl var gift fyrste gong med Inger Worm Fürstenberg. Ho døydde i 1807 og
i 1811 vart Niels gift opp att med Mathilde Elisabeth Fleischer. Det var ikkje
born i nokon av desse ekteskapa.
Det vert sagt om Niels Dahl at han var ein slu og pengegrisk mann og at han
skulle ha ein dårleg karakter i så måte. Under "pengeforhandlingane" i 1813,
tapte Niels mykje av formuen sin, noko som han tok svært inn over seg. Han
døydde samme året.
Wilhelm Frimann Dahl (1731 - 1794)
Wilhelm Frimann Dahl overtok Handeland etter makaskifte med broren Niels. Han
vart i 1770 gift med Johanne Margretha Geelmuyden (1739 - 1801), ho var dotter
til soknepresten i Leikanger, Gardt Geelmeyden og Barbro Marie Ivarsdtr. Johanna
Margretha var enkje etter godseigar Niels Mikkelson Falck på Amble-godset i Sogn.
Med henne fekk såleis Wilhelm hand om fleire eigedomar der.
Born: Karen "Cassi" f.1772. Ho vart gift med kaptein i infanteriet, Jacob
Gerhard Meidel og døydde i Sogn 1828.
Wilhelmine "Mina" Marie var ugift.
Ho døydde i Søre Valen hjå mostera Marie Friman Undahl i 1830-åra.
Wilhelm Frimann var løytnant og gjorde i 1762 teneste som
underoffiser ved dei dansk-norske troppane si beleiring av Holstein. Då han kom
tilbake fra der frå vart han forlova med ei rik enkje i Bergen, han søkte då
avskil med det millitære. Forlovinga vart seinare heva og Wilhelm skal ha teke
dette svært hardt. Om dette heite det seg at Wilhelm i den fortvila
sinnsstemningen han då var i, seier til venen, løytnant Palnau: "Jeg ber dig
kamerat, skyte mig en kule for panden!" Palnau la for spøk geværet an, men då
vart Dahl redd og skreik ut: "Jeg tror saasandt han gjør det!"
Det vert sagt om Wilhelm Frimann
Dahl, at han skal ha vore ein jovial mann, med ein god sans for humor.
Ved folketellinga 1801 finn vi fru
Johanna Margretha som eigar av heile garden på Handeland. Ho står og som eigar
av to sagbruk.
Gerhard Geelmuyden Dahl (1780 - 1843)
Sonen Gerhard Geelmeyden Dahl vart
deretter eigar av Handeland. Han var oberstløytnant og døydde i 1843. Han hadde
to søner. Den eine, Wilhelm Dahl fekk overta garden. Den andre, Johan Dahl
studerte medisin og vart distriktslekjar her. Han budde i Gongstø.
Gerhard fekk i 1808 løyve til å inngå ekteskap med syskinbarnet sitt
Inger Worm Fürstenberg Dahl (1775 - 1862). Ho var dotter til oberstløytnant
Johan Koren Dahl og Else Nielsdtr. Alstrup som budde på Nedre Fet i Uskedalen.
Det hende ein episode i oberstløytnant Gerhard Geelmeyden Dahls militære
liv som kan nemnast i dette høvet. Det var i 1808 at han var utkommandert i
krigen som stod på mellom Noreg og Sverige. Han var då ung løytnant. Under ein
major Grevling som sjef skulle han gå med kompaniet frå Lærdal i Sogn over
Filefjell til Småleni.
Det var ei vanskeleg tid for land
og folk, og soldatane var ille stilt både med mat, klede og fottøy og dei lei
mykje vondt på ferda. Komne til Drammenskanten var soldatane så trøyte og
sårføtte at dei makta ikkje å gå lengre og bad om å få kvila. Dette ville major
Grevling ikkje høyra snakk om - fram skulle dei utan stans. Då stod løytnant
Dahl fram for sjefen sin og sa, at det var uforsvarlig å driva folket slik, dei
måtte få kvila for å samla krefter. Dette var eit brot på den militære
disiplinen frå Dahl si side som majoren ikkje tolde. Han vart harm og baud at
Dahl skulle arresterast. Men der vart ikkje noko av arrest av. For soldatane
flokka seg om løytnanten og sa beint fram til majoren, at dersom han gjorde
alvor av dette ville han bli skoten. Etter denne salva fann major Grevling det
klokast å falla til fote.
Som vel var, vart det slutta fred før Dahl og kompaniet hans kom så langt, så
dei fekk reisa heim att utan å vera med i krigen.
Handeland var i familien Dahl si
eiga til rundt århundreskiftet då garden vart seld til Ulrik Tornøe i Skånevik.
Ulrik Tornøe
Ulrik Tornøe (F.1857) var son til
tidlegare lensmann Caspar Christian Tornøe og Dorthea Sofie Sundt Bull som budde
i Skånevik. Ulrik var bror til fotograf Henrik Greve som let etter seg mange
bileter mellom anna frå Skånevik. Ulrik var gift med Gitta Hemsen. Ulrik Tornøe
kjøpte Handeland av Dahl-familien.
I 1906 selde han garden til Hordaland fylke. (Reidar H)
Hordaland fylke kjøpte garden og i mange år var her koloni under Valen sjukehus.
Dette stengde dørene i 1997 og huset sto tomt til 2004, då lokale interessentar
kjøpte bygningane. Her er blitt eit flott anlegg og område som de finn meir om
her
MONTANJEN": Peder Montagne Lillienskjold
I 1694 vart Handeland-garden kjøpt av kaptein Peder Montagne Lillienskjold. "Montanjen"
som han vart kalla her omkring, var fødd i Bergen i 1667 og var son av tollar
Peder Pederson Montagne og Else Marie Lillienskjold.
Faren, Peder Pederson (1638 - 1672) hadde ein millitær løpebane og var
løytnant under Kapt. Chr. Hollberg. Han deltok i fleire felttog, mellom anna i "Trondheims
tilbakeerobring" i 1658 og i "Haldens undsetning" november 1659. Han gjekk ut av
tenesten etter krigsskade og fekk i 1662 embete som tollar i Bergen. Han vart i
1664 gift med Else Marie Lillienskjold, dotter til den rike Hans Hansen Smidt,
borgarmester i Bergen i 1650 som vart adla under namnet Lillienskjold i 1676.
I 1672, ikkje lenge etter at Peder Montagne var fødd, døydde far hans.
Han vart då tatt i huset til morfar sin og skal ha vakse opp der. Morfaren som
hadde nært samband med stathaldar og greve Gyldenløve, sende dottersonen på ei
lengre utanlandsreise med han. Han vert her nemnd som "Den gamle greve av
Laurvig". Peder var då berre 14 - 15 år gammal. Det skal ha vore på denne reisa
han tok i bruk adelsnamnet til morfar sin. Noko han ikkje hadde rett til då
adelstittelen etter dansk lov berre fylgde den agnatiske ettleden. Etterkomarane
etter Peder Montagne Lillienskjold i Danmark påberopa seg og dette adelsnamnet,
noko som seinare er påvist å ikkje ha vore med rette.
Else Marie Lillienskjold vart i 1674 gift opp att med Volkvart
Volkvartson Riisbrich, son av slottsskrivar på Bergenhus og fut i Nordhordlen.
Dei budde på Gravdal ved Bergen. Riisbrich døydde i 1714, men enkja levde ennå i
mange år og døydde i ein svært høg alder i 1728.
Peder Montagne valde ein millitær løpebane som far hans før hadde gjort.
I 1686 vart han fenrik i Bergenhus. nat.Inf.reg. og i 1690 Kapteinløytnant ved
Nordhordlenske Comp.i samme regiment. I 1693 vart han Kaptein og sjef for Søndre
Sønhordlenske Compagni og i 1700 Secondmajor. Men alt i 1704 må han ha vore
avgått fra krigstenesta, då han er sletta i militærkalendaren for dette året.
Han har sannsynlegvis fått "Avskjed med Oberstleutnants Character", då han har
hatt denne tittelen seinare.
Peder Montagne var gift med Abel Cathrine Hjort, dotter til justisråd og
landkomisarius nordenfjelds, Hans Christophersen Hjort og Anna Marie Heidemann.
Dei hadde 11 born, 7 søner og 4 døtre. Sonen Christian f. 1697, var kaptein i
Vesterlenske Inf.regiment. Christian Sigfried f.1698, var hoffjunker. Thomas var
amtmann i Ringsted 1734, han vart etatsråd og seinare konferentsråd. Dottera
Hanriette Antonette, f.1704 vart gift med oberst i Bergenhus Inf.regiment, Anton
Jacob Coucheron. Anna Marie Lillienskjold f.1707, vart gift med generalmajor
Nicolai Fredrik von Reichwein. Dei fleste av borna vart seinare knytt til
Danmark der slekta har fortsett som godseigarar, millitær og embetsmannsslekt.
Dei vart godkjend som dansk adel i 1883.
Jordeiga til "Montanjen" "Montanjen" eigde mykje jordegods rundt om i
Sunnhordland. Noko arva han etter far sin som utan tvil var ein velståande mann.
Og ein del tileigna han seg ved ekteskapet med Abel Cathrine Hjort. Av større
eller mindre gardar i Sunnhordland som var i Montanjens eiga kan vi nemna:
Handeland 3 laupar smør 3 huder
Sandvoll 2 1/2 laupar smør
Ersland 3 laupar smør 1 1/2 hud
Toftekalven 1/2 laup smør
Biskopteig på Sunde 12 mk smør
Ytre Bauge 1 laup smør
Vika 2 3/4 laup smør
Bratskåt 12 mk smør
Rullestad 18 mk smør
Glommen 12 mk smør
Leknes 1 hud
Ramme 2 laupar 15 mk smør
Grindem 1 laup smør 1/2 tønne korn
Tesdal 2 laupar smør 1 hud
Utbøe 2 laupar smør 2 huder
Bierkeland 2 laupar 2 1/2 ? smør
Homeland 2 huder
Flateråker 1 laup smør 3 huder
Kaaste 1/2 laup smør 1/2 hud
Holsæter 1 pd 3 mk smør
Rosseland 1 laup smør 1/3 hud
Omgjort til smørskyld sat Montanjen då med ei eiga på 30 laupar 54 mk smør.
Eller kring 8 skyldmark.
Mange av desse gardane var oppkjøpt etter at han slo seg ned på Handeland.
Fleire av dei hadde dei største verdiane i skogen og var nok ei god
intektskjelda for eigaren. Både på Handeland og Sandvoll var det store sager som
Montanjen eigde.
Bernt Orning på Stord sat med garden Orningaard. Han var son til
Karen Mowatt. Enkja etter Bernt, Sidsel Juel, pantsette i 1697 garden til Peder
Montagne Lillenskjold for eit lån på 92 rdlr. Då ho døydde ville Montanjen
overta garden, men kjøpmann Seehusen i Bergen hadde og pant i garden og vart
tilkjendt eiga.
Det vert og sagt at Montanjen var ute etter å tileigna seg
Valegarden. I 1698 gjorde han makeskifte med Peder Halsteinson Skorpen og fekk 1
laup smør i Valen mot 1 pund korn i Hemnes i Ryfylke. Hemnes hadde Montanjen
fått frå mora og stykfaren samme året. Makeskiftet vart seinare gjort om ved dom
i Høgsterett i 1705.
Sandvollgarden overtok "Montanjen" kring 1710. Denne garden var
såkalt offisersgard, det var offiserar som hadde førerett til å bygsla desse.
Det går mange historiar om den brutale og overmotige Peder Montagne
Lillienskjold, hata og forakta av allmugen. Segna vil ha det til at bøndene
gjorde hærverk på eigedommane og svidde av fleire av gardane hans. Kor mykje det
er i desse segnene veit vi ikkje, men i alle høve brann garden på Sandvoll ikkje
lenge etter at "Montanjen" overtok. Det vert og fortalt at ein tømmerflåte
Montanjen hadde liggjande ovom Longfoss i Åkerfjorden vart styrta i fossen og
knust då rasande bønder ville hevna seg på han. På folkemunne heiter det og at
han let "klynge opp" to av bygslarane sine då dei hadde hogge tømmer i skogen
hans utan lov, men dette er nok ei heller tvilsom soge.
Reiparbanen Sikrare er kjeldene når det gjeld dei foretaka
som Montanjen sette i gang med. Han starta opp med reiparbane på Handeland. Her
vart det laga tauverk til mange formål. Frå tynne snorer til tjukke trosser.
Råstoffet kunne vera bast av selja, alm, bjørk og brake. Lyng kunne og brukast.
Dei brukte og ull og hår av sau og geit eller blanding. Vi veit ikkje om kva
marknad det var for reipa til Montanjen, men mykje vart nok brukt på dei ymse
anlegga han hadde vida ikring.
Sletta der vegen går ned til Handelandssjøen vert kalla Banen den dag i dag og
vegen derifrå og ned til Gongstø vert kalla Banabrekko. Korleis arbeidet på
reiparbanen føregjekk kan vi berre tenkja oss til. Men det vart brukt hestar til
arbeidet med å tvinna reip og tau. Dei måtte og ha ei god lengde eller "bane" å
arbeida på. Korleis det gjekk med denne forretninga finst det ikkje nokon
beretningar om, men etter som dei andre foretaka til Montanjen vart tapsbruk,
vart det vel ikkje betre på reiparbanen heller.
På 16 og 1700 talet vart det gjort mange forsøk på å få igang industri som kunne
utnytta dei resursane Noreg var så rik på. Etter at eineveldet var innført i
1660, vart det gitt mange privelegier til borgarar i Noreg. Dette førde til at
mange tiltak vart sett i gang rundt omkring i landet. Peder Montagne
Lillienskjold var ein av dei som ville gjera seg nytte av dette. Han var ein
mann med mange planar og idear, men det var ikkje alt av tiltak som fekk den
store framdrifta, for nokon økonom var oberstløytnanten ikkje. Det går enno
munnhell om å stella seg som Montanjen som hadde "Ti drenger og ei øks". Men
aktivitet vart det.
Montanjen hadde og konsesjon og einerett på teglsteinsdrift i Sunnhordland. "Tobakspipemanufactur"
som han fekk konsesjon på, veit vi ikkje om han nokon gong kom i gang med.
Teglverket på Valøya: Det finnes ennå restar etter teglverket på Valøya.
På vestsida mot Verkavika der eidet er på det smalaste finn vi grunnmurane etter
det som ein gong var driftsbygget på teglverket. 300 meter derifrå og i retning
aust og søraust er det groper som viser kvar ovnane var der teglsteinen vart
brend.
"Montanjen" fekk ved kongelig bevilling einerett på marmordrift i Sunnhordland,
han hadde og einerett på teglverksdrift. Han fekk og konsesjon til en "tobakkspipemanufaktur"
(Antagelig kritpiper) utan at vi veit om dette vart noko av.
Forholda som gjer at ein kan gå ut frå den ovannemde teorien er som
følgjer: Då Jakob Børgesen kom til Valen hadde han ein tredjepart av garden
etter mor si Birgitte. Moster hans Marita som då sat på Valen overdrog sin
tredjepart til Jakob. Den tredje systera Karen var gift med Halstein Arnoldsen
Skorpen. Deira 3-part vart makeskifta til Marita. Borna deira arva seinare ein
laup i Valen etter mannen til Marita. Halvparten vart pantsett til Jakob
Børgesen. Den andre halvparten vart i 1698 makaskifta hos Peder Montagne
Lillienskjold på Handeland. Arvingane etter Jakob Børgesen protesterte på dette
og "Montanjen" måtte gje frå seg denne delen etter ein høgsterettsdom i 1705.
Det har vore nemnt at "Montanjen" var ute etter å tileigna seg heile Valegarden,
men at han her ikkje på nokon måte nådde fram.
At det skal ha vore "Montanjen" som har vore opphavet til "Verket" på
Valøya er ikkje på nokon måte bevist, men det er nærliggjande å tenkja seg dette
på bakgrunn av dei aktivitetane han ellers hadde på dette området.
Iflg. Personahistorisk tidsskrift B.6. s.46, finn vi om Montanjen: "Han
opprettet også et teglverk som leverte murstein av en fortrinnlig kvalitet". Det
ligg ellers ikkje føre nokon muntlege tradisjonar om drifta på Verket, det vi
veit.
Marmorverka Oberstløytnant Peder Montagne Lillienskjold var den
første så vidt ein veit som tok opp marmordrift i Bergen stift. Ved kongelig
resulusjon av 28/8 1704 og privellegium 13/2 1706 fekk han einerett i
Sunnhordland; "At utarbeide marmor de Roche og ingen annen i tolv mils omkrets
med Stenbrugs Opptagelse hannem skulde præjudicere med videre" . Lillienskjold
får vidare tollfrihet for utførsel og dei som arbeidde på verka hans fekk fritak
for utskrivning til det millitære. Kongen forbeheldt seg førsteretten til kjøp
av det utbrotne marmoret.
Ved Handelandsjøen hadde "Montanjen" anlagt ei marmorsag. Marmor vart
frakta frå verka hans til marmorsaga på Handeland der det vart slipa og skore i
blokker.
Det blir sagt at steinen vart skoren med ei kvass sandblanda vasstråle.
Sagbladet var av bly. Når ein hadde vatn og sand på blybladet skar stråla sakte
men sikkert gjennom marmorsteinen.
Marmoret kom for det meste frå Moster og frå Vikanes på Stord. Han hadde
og marmorbrot på Hopeholmen i Fana. Hidle og Seløya er og nemnt i forbindelse
med Montagne Lillienskjold og marmorbrot.
Frå Handeland vart marmoret frakta til København, men mykje vart og ført
til England.
Frå marmorbrota vart steinen frakta med farty til Handeland der
vidareforedlinga vart gjort, og vi kan tenkja at det var noko trafikk ved
Handelands-sjøen på denne tida. Det finst lite kjeldemateriell på dette, men det
går enno ei soge om ein galeas som skal ha gått ned like utafor
Handelandsskjeret ein uversdag då det skulle skipast på land ei marmorlast. Enno
eit par hundreår etter denne hendinga heiter det seg at ein ikkje skal setja
garn på denne staden då ein lett kunne få øydelagt reidskapen her.
Tekniske leiar for de 7 "Lilienskjoldske marmorverker" var Johan
Friedrich Hanell. Han var fødd schlesier og var bilethoggar. På kvart marmorbrot
var det i regelen ein grovsmed, ein minermeister, ein kilemeister, ein slipar og
ein overhoggar. Dessutan var det 30 - 50 arbeidarar. Alle disse var iflg.
privilegiumet fritatt for militær utskrivning. Følgen av dette var at folk ville
ha arbeid på verka til Montanjen sjølv om arbeidsløna var dårleg. Her var også
utanlandske arbeidarar. Lillienskjold hadde i 1725 gåande ei strid med to
engelske steinhoggarar.
At det vart tatt ut store blokker ved brota kan ein sjå av bestillingar som har
vore gjort. i 1723 bestiller hoffbyggmeister Johan Conrad Ernst 2 blokker til
kolossalstatuer.
Men drifta lønna seg ikkje. Gong på gong vert det søkt om tilskot og lån.
Alt i 1707 søkjer Montanjen kongen om eit lån på 4000 r.dlr.
Etter at Peder Montagne Lilienskjolds døydde i 1725, blei drifta av alle
foretaka overteken av sonen Hoffjunker Sigfried Lillienskjold. Han slutta
kontrakt med byggmeistrane til kongen om å levera 10000 kubikkfot ymse typar
marmor til bygginga av Christiansborg slott og sørgja for transport til
København for kongen si rekning. Då Sigfried Lillienskjold døydde i 1739 var det
berre levert ca. 8000.
I 1740 er det berre 4 brot som er idrift. Hopeholmen, Vikanes, Mosterhamn og
Salthella. På Hidle, Stord og Seløy er drifta innstilt. Verka hadde då ein gjeld
på 14000 r.dlr. forutan det kammerråd Jens Paulsen Dreyer i København hadde
skote inn. Frå midten av 1750 åra til 1775 var all drift stansa.
Peder Montagne Lillienskjold døydde i 1725. Han vart gravlagd i
kjellaren under koret i Eid kyrkja (Den gamle stavkyrkja). Då den nye kyrkja
vart bygd i 1823 kom denne gravstaden bort.
Etter at Peder Montagne Lillienskjold døydde, tok sonen Siegfried over drifta av
foretaka til faren.
Enkja etter Peder Montagne Lillienskjold budde att på Handeland, men i 1734 var
det slutt. Alle foretaka var falitt og dei Lillienskjoldske verka vart stansa.
Eigedomane og gardane vart selde eller gjekk til kongen som var den største
kreditoren.
Siegfried Montagne Lillienskjold hadde tittel av "Hoffjunker".
Det vert sagt om han at han var ein hard jorddrott og at han overgjekk far sin
på dette feltet. Han skal og ha vore særs rå i framfærda si. Frå tingbøkene finn
vi fleire døme på det. Saman med drengene skamprylte han bønder som på ett eller
anna vis sette seg opp mot han. Men det hende og at han fortok seg, som då han
og to av brørne hans saman med fire bønder skamslo ein "Tolder Krog". Saka enda
i høgsterett. Brørne fekk kvar 49 dalar i vold og slagsmålsbøter og måtte vidare
bøta for "Helligbrøde" då dei hadde begått ugjerninga på ein sundag.
Hoffjunkeren som budde på Sandvoll vart sidan ruinert. I 1735 var han reist ifrå
futeriet utan å ha betalt skattar og skyldnader. Kona sat attende i stor armod
og måtte gje garden frå seg. (Reidar H)
Gangstø:
Låg i si tid under Handelandsgarden, og var husmannsplass. Namnet viser til at
det var ein stad å leggja til med båt, og 'offentleg 'ferdaveg'
Etter Dahlslekta sitt inntog på Handeland vart det fleire delingar. Gangstø vart
under Johan Dahl omlag midt i 1800-åra til doktorbustad i Fjelberg kommune. Han
dreiv også bruket. Det var også eit plass under garden.
Det har også vore pensjonatdrift på Gangstø.
Dottera vart gift med Thomas Thrap, og etterkommarane etter dei sit med
garden i dag.
No er hovudbøane mot sjøen stort sett slik det var, men her har vore ei rivande
utvikling 'rundt'. Etterkommarane har fått frådelt mange tomter, spesielt til
hyttebygging.
Om sommaren er det eit yrande liv i Gangstø.
Av markante personar frå Gangstø kan vi nemna:
Villa Thrap Wahl: Eigde Gangstø men budde her lite. Ho er kjend som ein av dei
første her i landet som laga kryssordbok. Enno i dag kjem det ut -bøker i hennar
namn.
Mannen var deleigar i Aas & Wahl trykkeri, så det var kort veg til trykking.
Hans Sande:
Hans Sande er født i Bergen i 1946.
Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som han fikk Tarjei Vesaas sin
debutantpris for.
Forfatterskapen er særprega, omfattande og grensesprengande, i hovedsak skrive
på stilsikkert og klingande nynorsk - med ein heil del tydelege høgdepunkt. Hans
Sande har mottatt fleire prisar for bøkene sine, og er omsett til fleire språk.
Han har medisinsk embetseksamen og er spesialist i psykiatri ved sida av å være
forfatter.
No er han berre forfattar. Hans Sande bor på Sandvoll (skriv fleire kjelder) i
Hordaland.
(Men huset hans står på Gangstø i Valen krins).
(Opplysningar frå Gyldendal):
Skjønnlitterære utgivelser
Gjer deg mjuk. Smyg deg inn. Dikt 2007
Smygar. Noveller 2004
Hundar i mørkret. Noveller 2003
Sprekk. Roman 2001
Hjernegråt. Roman 1997
Tigeren talar tydeleg. Dikt 1993
Det hjertet som vi har. Som og er kjøtt. Roman 1992
Blåkvalens apostel. Roman 1990
Lebensraum. Roman 1980
Strime. Dikt 1969
Barne- og ungdomsbøker
Slangen i graset. Illustrert av Gry Moursund 2007
Arkimedes i Prompeland. Illustrert av Gry Moursund. 2006
Frosken. Illustrert av Gry Moursund. 2003
Arkimedes og rulletrappa. Illustrert av Gry Moursund. 2002
Fuglejenta. Illustrert av Harald Nordberg. 2001
Arkimedes og brødskiva. Illustrert av Gry Moursund. 2000
Elefantevangeliet. Illustrert av Akin Düzakin. 1999
Oldemor ligg i frysen : blip. 1998
Nattbarnehagen. Illustrert av Judith Allan. 1997
Kyss ein bananfrosk! Illustrert av Harald Nordberg. 1995
Kom no, natt. Illustrert av Hans Sande. 1994
Prinsen på erta og andre urolege nattpattedyr. 1993
Fiskepuddingen Pim på nye sprell. Illustrert av Olav Hagen. 1992
Kneip. Illustrert av Harald Nordberg. 1991
Sprettert og eg. Illustrert av Ingunn van Etten. 1991
Den dagen det regna kattunger. Illustrert av Ingunn van Etten. 1988
Løvekyss. 1987
Vaksen kar ut i rim. Illustrert av Olav Hagen. 1985
Plommetreet. Illustrert av Olav Hagen. 1984
Prinsesse Bertas blanda drops. Illustrert av Olav Hagen. 1983
Fiskepuddingen Pim. Illustrert av Olav Hagen. 1982
Det kvite pulveret. 1980
Trastedikt. Illustrert av Olav Hagen. 1978
Lita grøn grasbok. Illustrert av Tonje S. Aas. 1972
Nyss kom ei særskilt interessant bok frå denne produktive og originale
forfattaren;
Slepe rundt på døde dyr (Gyldendal 2009), ei bok som er morosam og sorgtung på
ein gong. Fortelinga er lagt til Valen sjukehus, egpersonen er kalla Andor
Skorpen og er hjelpepleiar ved sjukehuset. Andor har lengten etter å bli
forfattar i seg, stor kunstnar vil han bli, men er vel helst ein drøymar som sit
fast i kvardag og rutinar. Han gler seg til kvar gong Olav H Hauge vert innlagd,
han som kan bedømma kunstverka til Andor, på lange fotturar innover i
Handelandsdalen (kalla bedringens vei) vera mentor, vegleiar og pasient.
Og sonen til naboen. Og hans eigen son. Og Andor si sorg.
Litt meir å lesa om Hans Sande:
http://www.gyldendal.no/new/default.asp?ID_Person=1032982
http://nn.wikipedia.org/wiki/Hans_Sande
Reidar Handeland / Kjell E Thorkildsen