Konrad Lunde er den mest markante direktøren
Valen sjukehus har hatt. Han var sjef for sjukehuset i heile 42 år. Konrad Lunde
var fødd i Suldal i 1896. Foreldra var bonde Tor Larsen Lunde og Brita, f.
Hovtun.
Lunde tok artium som
privatist i Stavanger i 1915 og medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo
i 1922. Då
han gjekk på gymnaset, hadde han kristelege
interesser og gjekk saman med kameratar til Johan Lunde, som var prest i
Stavanger. Desse besøka gjorde han interessert
i
psykiatri; i kjenslelivet. Til Valen kom han som reservelege i 1923 og
han vart samstundes styrar for Ekely tuberkuloseheim. Han tok
spesialistutdanning i København og ved psykiatriske klinikkar i utlandet i
sommarferiane.
Frå
1. mai 1925 var han tilsett som direktør og overlege for Valen asyl. Lunde var
då
den yngste direktøren for eit sjukehus i Norge. Lunde var tilsett av
Fylkesutvalet. Han hadde vore konstituert etter at direktør Selmer forlet
stillinga tidlegare på
året. Departementet kunne ikkje godkjenna
utnemninga, dels fordi Konrad Lunde, som var 29
år,
var for ung, og dels fordi det var
fleire andre søkjarar med lengre ansiennitet.
I juni 1925 hadde
fylkesutvalet
tilsetjinga føre på
nytt, og heldt fast pa tidlegare avgjerd. Utvalet
uttala at det fann dr. Lunde særdeles
godt skikka for stillinga som direktør.
Han er energisk og sterkt interessert, og då
har det ikkje noko a seia at han er ung, meinte
utvalet. I dei ara han var tilsett
som reservelege og i perioden som konstituert direktør,
viste han at han var stillinga vaksen.
Konrad Lunde la ned eit
livsverk pa Valen, og vel så
det. Han var over 70
år
da han gjekk av ved
årsskiftet
1966/67.
I alle desse
åra
kan det seiast at Valen sjukehus
var Konrad Lunde og Konrad Lunde var
Valen sjukehus. Han blir omtala som
ein av dei dyktigaste sjukehusadministratorane i landet.
Dei som kjende han, dreg
fram hans store evne til a setja seg inn i andre sin situasjon, hans store og
naturlege medfølese
og hans hjelpsemd. Han såg
ikkje berre den einskilde pasienten, men studerte familieforhold
og miljø.
Etter 44 år
på
Valen kjende han Hordalands land og folk som sine
eigne stover.
I tillegg til krevjande
arbeid pa sjukehuset, tok han imot pasientar i privat praksis om ettermiddagane
og kveldane og var ofte ute på
sjukebesøk.
Det er sagt om dr. Lunde
at han var ein sann menneskevenn, som berre ville sine medmenneske godt. Men av
og til kunne han bli oppfatta som arrogant. Han sette høge
krav til seg sjølv,
og til medarbeidarane sine. Stundom kunne han vera oppfarande når
han kom over ting han ikkje lika. Dei som arbeidde i lag med han fortel alle som
ein om kor god orden det var pa sjukehuset, både
ute og inne.
Valen asyl- fra 1935
Valen sjukehus - gjennomgjekk store endringar i den perioden Konrad Lunde var
direktør.
Han var eit arbeidsjern
av dei sjeldne og ei drivande kraft for
å få
tak i midlar til drift og utbygging av sjukehuset.
Han var høgt
respektert og godt likt av
både tilsette og pasientar.
Med så
mange menneske rundt seg er det sjølvsagt
ikkje til å
unngå
at einskildpersonar kom i konflikt med direktøren.
Men han var ein jordnær
kar, som «hadde hatt mold under treskorne», visste om forholda i bygdene og
kjende godt til lynnet og folket i Hordaland.
Han hadde ei rekkje
levereglar: Alt arbeid er like fint, berre me er fine nok sjølve.
Måtehald
er silketråden
som går
gjennom alle dyders perlerekkje. Han var glad i naturen og fekk bygd mange
hytter i fjellet som pasientar og personale kunne bruka.
- Det
går
ikkje an å
forstå
Valen sjukehus utan
å først
ha eit raskt riss av herskaren og direktøren
der, overlege Lunde, skriv Michael Grundt Spang i eit intervju i Dagbladet i
1958.
- Han er som eit
stormkast, full av impulsiv ettergivenhet for eitkvart innfall som kan bli til
det beste for pasientane. Hans kongstanke er denne: Pillane, sprøytene,
operasjonane og sjokkbehandlingane, dei er berre sekundære
hjelpemidlar, hovudsaka er
å få
pasientane til a føla
seg som nyttige menneske. Aller viktigast er
arbeidet, at den sjuke
får
gjera noko som han
får
anerkjennelse for. Difor er
arbeidsterapien den aller viktigaste.
- Eg er ikkje psykiater,
seier Lunde, (som er psykiater), eg viI heller vera eit menneske, og heller enn
a kalla Valen
eit sjukehus, viI eg kalla det ein
skule, ein skule for meg sjølv
og mine medmenneske.
Konrad Lunde nytta
eitkvart høve
til a tala pasientane si sak i
møte
med politikarane. I november 1965 var fylkestinget pa besøk.
Direktøren
hadde i årsmeldinga
sIege fast at sjukehuset var
så
overfylt at forholda var uforsvarlege. No ville han
la fylkestinget få
oppleva ved sjølvsyn
korleis pasientane hadde det
på Valen. Konrad Lunde tok
tingrepresentantane gjennom overfylte mannsrom og til loftet der 22 senger var
stuva inn pa ein sal. Rommet skulle vore arbeidsrom, men i staden
måtte
22 mann leggjast inn der, heilt ulovleg.
- De som er ordførarar
kan tenkja dykk korleis det ville vera om 22 av dykk skulle vera
nøydde
til å
liggja samanstuva
på
dette romet, natt etter natt, tordna direktøren
framfor tingrepresentantane, som den gongen bestod av ordførarar
fra alle
kommunar i fylket:
- Det ville ikkje
gått.
Same kor gode vener de er, ville de verta usamde og ta til å slåst.
Pasientane slåst
ikkje, dei ber seg fint at trass i den harde lagnaden sin. Dei er betre enn dykk.
I
1960
runda sjukehuset 50
år. 80%
av pasientane utførde
arbeid av eitt eller anna slag. 6813 pasientar hadde til
då
vore innlagde. Personalet talde rundt 190.
Sjukehuset var fylket si største
verksemd og hadde eit årsbudsjett
på
5,7 millionar kroner. Jubileet vart markert med
fest for pasientar og personale tre dagar til ende.
Sjukehuset har Hordaland
fylkes største landeigedom. Direktør
Lunde var ein dynamisk mann som visste
å
ta eigedomen i bruk. På
Søre
Valen vart det oppretta forsøksfelt
for fruktdyrking frå
1937. Garden og skogen var arbeidsplass for mange av pasientane. Det er rommeleg
rundt bygningane og gjennom 90
år
er det ved
årleg
innsats av menneskelege evner og
natur vakse fram eit vakkert parkanlegg. Like ved sjukehuset er det bygt
idrettsplass - den første
sjukehusbane som fekk STUI-midlar - dessutan tennisbane og skytebane til felles
bruk.
Konrad Lunde tok
initiativet til å
oppretta realskule i bygda. Skulen
heldt til i gamleskulen, som står
like
ved sjukehuset. Sjukehuset heldt si hand over
skulen, m.a. ved at
lærarane fekk gratis losji, og kost
i sjukehuskantina. Realskulen var
først
og fremst eit utdanningstilbod til ungdomen
på
Valen og
næraste
bygder, men var og med
på
å gjera det lettare a
få nøkkelpersonar
som sjukehuset var avhengig av, til
å
flytta til Valen.
Det medisinske nivået
ved sjukehuset har alltid lege
svært
høgt,
skriv Finn Rud. Han har
følgd utviklinga i
psykiatrien på fleire område,
og meinte Valen var tidleg ute nar det gjeld
å
ta i bruk det nye.
I mars
1970
vart eit portrett av Konrad Lunde avduka. Det er malt av Magnus Hardeland. Det
var avduka då
fylkesmannen, fylkesutvalet, Konrad Lunde og ei
rekkje notabilitetar fra fylket var til stades. Fylkesordførar
Sam. Lervåg
stod for avdukinga. «Berre eit overskotsmenneske av stort format kunne teke pa
seg ei slik arbeidsbør
som Lunde utførde
gjennom mange år.
Han valde
å
ta hand om heile administrasjonen sjølv
og bera ansvaret aleine. Heilt ned til detaljane tok han sjølv
avgjerd om alle
ting som vedkom sjukehuset, pasientane og personalet. Ikkje nok med det, han
hadde krefter til a ta del i ei rekkje gjeremål
utanom sjukehuset, i offentleg styre og stell og i organisasjonar. Somme gonger
vart han kalla både
nessekonge og diktator, og samanlikninga kunne vera treffande. Men han var ikkje
ute etter personleg makt og stordom. Han gjennomførde
det han meinte var til beste for pasientane og kravde at alle
skulle retta seg etter det. Han var som ein far for mange av dei,
både
pårørande
og tilsette», sa fylkesordføraren.
Konrad Lunde var formann
i alle
byggjenemnder for nybygg og utviding ved Valen sjukehus fra 1928 til
1966. Han var fast sakkunning ved
Gulating lagmannsrett i
nærare 50 saker.
Konrad Lunde tok seg tid
til ei rekkje verv,
i mange år
var han med i heradstyre og
formannskap, i representantskapen i HSD, i
nær
40 år
i barnevernsnemnda, formann i
Fjelberg elektrisitetsforsyning frå
1936 til
1940, formann i Fjelberg vanførenemnd,
formann i styret for Sunnhordland folkehøgskule
og varaformann i Hordaland fylkes sjukehusnemnd. I 20
år
var han formann i Hordaland
lægeforening,
og medlem i landsstyret, ei tid formann i Hordalands krets av Nasjonalforeningen
mot tuberkulosen, og 14
år
i landsstyret, og dessutan styremedlem
i Hordaland Røde
Kors og i Norsk Sykehusforening.
Som om dette ikkje var
nok, skreiv han flittig i aviser,
bøker
og blad. I 1936 vart han utnemnd til inspektør
for alle psykiatriske sjukehus i landet, men tok ikkje imot stillinga. Konrad
Lunde var tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1958 og da han slutta i
1966, vart han heidra med St. Olavs orden av 1. klasse.
Da Konrad Lunde vart
tilsett som direktør
fd 1.5.1925, flytta han og familien
opp i administrasjonsbygget, der bustaden deira vart i 2. høgda.
Dette medførte
at kona Borghild fekk oppgaver med å stilla opp med mat og til dels husrom for
pårørande
til pasientar og andre gjester.
På
den måten
vart ho ein del av sjukehuset. Slik
var det til
langt inn i 1950åra,
då
sjukehuset fekk fleire gjesterom.
Borghild Lunde var i 32
år formann i Valen Helselag og fleire
år
leiar i Valen Husmorlag og Valen Sjømannsmisjon.
Konrad Lunde gjekk av
31. desember 1966 - etter 44
år
på
Valen.
Då
vart det halde stor fest for han. Nestoren på Valen
vart hylla av fylkesordføraren,
ordførarar,
tilsette pa sjukehuset, legar, kontrollkommisjon, og det kom endatil
helsingstelegram frå statsråd
Kjell Bondevik.
Konrad Lunde sa i
takketalen at Valen for han hadde blitt ein
høgskule,
«en lidelsens høyskole»,
som alle
menneske må
gjennom for
å
modnast. Konrad Lunde og kona Borghild busette seg
i Rosendal. Like etterpå
drog dei verda rundt som passasjerar på ein
haugesundsbåt.
Men også
i den tida Konrad Lunde budde i Rosendal, tok han
imot pasientar.
Konrad Lunde døydde i 1973 og Borghild i 1983. Dei er både to gravlagde på Valen sjukehus sin kyrkjegard, der mange av sjukehuset sine pasientar har fått si grav.
Av Sjur Tjelmeland, som velviljug har late oss bruka det
Borghild og Konrad Lunde Overlege Konrad Lunde
Same overskrifta, direktør og nybrottsmann, kan ein godt nytta om sonen deira Tjerand Lunde :
Tjerand Lunde vart tilsett som administrerande direktør på Valen 1 sept 1970 og gjekk av i 2006. Også han la ned ei årrekkje for dei sjuke og for Valen. Mykje av hans tid var prega av endringar, både korleis psykiatrien vart sett på, behandlingsmetodar, fleire pasientar skulle vera utanfor institusjon, og ein har bygt ned kapasiteten på dei store sjukehusa landet rundt. Vel, dette oppsummerer Lunde best sjølv, frå ei oppsummering han ga til meg (KET) i 2002:
"Asylperioden.
Søndre Bergenhus Amt, frå
1919 Hordaland fylke, gjorde i 1908 vedtak om å byggja asyl på Nordre Valen gard
som vart innkjøpt for kr. 500.000. Når Valen vart vald, var det fordi det her
var gode tilhøve for å byggja ut elektrisk kraft og ein større eigedom med skog
og innmark med høve til nydyrking. Styremaktene hadde pålagt kvart amt om å
byggja eige asyl.
Det er verd å merkja seg
at Valen syl var det fyrste sjukehuset i Noreg med elektrisk oppvarming og berre
slottet og ei kyrkje i Oslo var føre av større institusjonar. At fylke har hatt
eige kraftverk ved Valen, med nytt verk frå 1938, har gitt store økonomiske
fordeler.
Dei sjuke som var i stand til det vart aktivisert inne på arbeidsstover og ute
på garden. Røynslene hadde vist at fysisk aktivitet var turvande for behandlinga,
difor vart asylet lagt i tilknyting til gardar. På Valen vart det plassert i
vakker natur og solrikt lende.
Trongen for plassar auka
og i 1923 stod eit nybygg til mannsavdelinga ferdig. Handeland gard vart kjøpt
inn i 1921 for kr. 207.000 med plass for 12 pasientar. Hovudbygget der brann ned
i 1933. Finansiert ved sandrift, vart ny hovud bygning teken i bruk i 1938 med
23 plasser. Bygget var langt føre si tid, med m.a. 2 manns rom og kosta kr.
127.000. Tuberkuloseheimen Ekely nede ved sjøen, ny frå 1915 med 20 senger, vart
i 1934 lagt til asylet. Same året kjøpte fylket Søre Valen gard for kr.
41.500,00. Frå den tid har Hordaland fylke sin eigedom på valen vore på 10.000
mål med om lag 500 mål dyrka innmark.
Frå asyl til sjukehus.
Institusjonane bygd for
sinnsjuke vart kalla asyl, som tyder tilfluktstad. Dei sjuke kunne der få vern
og omsorg. Den gongen kunne ein ikkje i så stor mon direkte påverka
sjukdomsbilete. Nye behandlingsformer førte til at fleire kunne hjelpast aktivt
og utskrivast. Ut frå dette var det at fylkestinget i 1935 gjorde vedtak om at
Valen asyl frå 28.10.35 – på 25 års dagen etter at dei fyrste pasientane var
innlagte – skulle heita Valen sjukehus. Nemninga sjukehus var då brukt for å
setja sinnsjukdom i same stilling som andre sjukdomar. Nytt vaskeri vart teken i
bruk i 1936 og nytt kjøkenbygg vegg i vegg i 1939. Dette økonomibygget kosta i
alt kr. 585.000 og hadde ein storleik som gav rom for vidare utbygging. Bygget
hadde tent føremålet i over 45 år, då deler av det vart herja av brann 10.08.85
og vaskeriet vart heilt øydelagt.
I krigsåra 1940 – 45 kom sjukehuset sin driftsmåte ikkje minst til nytte. Arbeid
hadde alltid vore ein viktig del av behandlinga. Dei sjuke var med i arbeide
både inne og ute som var meiningsfylt fordi jorda vart dyrka og hausta.
Forsøkshagen i Søre Valen frå 1937 med 250 frukttre gav i krigsåra opp til 20
tonn epler og pærer. Sjølv om sjukehuset naturleg nok måtte kjøpa matvarer, kom
det ein dyrka sjølv vel med. Det er rett å nemna at det som er vorte til av
anlegg og parkar i sjukehusområdet, irekna tennisbane frå 1940 og idrettsbanen
teken i bruk i 1950, er laga av arbeidsame pasientar under leiing av kyndige
pleiarar. Dei fyrste tippemidlane gitt til norsk psykiatrisk sjukehus vart til
idrettsbanen på Valen i 1949.
Etterkrigstida. Utbygging.
1950 åra var likevel den travlaste tida for utbygging og modernisering. Store
arbeid som oppføring av driftsbygning på garden og Søsterheimen tok til i 1950.
Driftsbygningen skulle tena alle 3 gardane, vart heilt moderne og teken i bruk i
1952 til ein kostnad av kr. 521.000. Søsterheimen ferdig i 1954 kosta kr.
2.200.000. Den gamle låven på Nordre Valen vart gjort om til verkstadbygg. I
1955 – 62 vart både manns og kvinneavdelinga modernisert til ein kostnad av kr.
3.900.000.
Frå 1942 vart elektrosjokk
behandling teken i bruk med gode resultat. Dei nye medisinane ataraxika som
tyder sjelefred, revolusjonerte i 1950 åra behandlinga i og med at vrangidear
kunne påverkast og uro dempast. Bruk av tvangsmidlar og isolasjon kunne
reduserast og luftegardane gjerast lågare og etter kvart takast bort. Trass i at
dei sjuke vart hjelpt på kortare tid, auka sengetalet og nådde det høgaste i
1961 med 530 pasientar og stort overbelegg.
1960 åra.
Veksten i
samfunnsøkonomien førte til viktige framskitt. Helsestellet vart generelt utbygt
og me fekk dei somatiske fylkessjukehusa. Naboskapet til FSH Stord med dei
tenester som vert ytt der, har alltid vore ein stor føremon for Valen sjukehus.
Innføring om lov om uførepensjon i 1961 fekk og ringverknad i psykiatrien. Mange
sjuke som gjerne av økonomiske grunnar ikkje klarte seg ute kunne no gjera dette
og presset på plassar avtok. Kommunikasjonane utvikla seg og dette førte til
betre kontakt med heimen og heimbygda, ein store føremon. Sidan opninga i 1910
hadde Valen vore den einaste offentlege psykiatriske institusjonen for Hordaland
fylke. I 1967 vart Psykiatrisk klinikk på Haukeland sykehus opna med tilbod
overfor Hordaland. Pasient talet ved Valen sjukehus falt til under 500 1966 og
under 400 ved utgangen det neste året.
Nye bygg i 1970 åra.
Krava til betring av
behandlingstilbodet førte til bygging av mottak avdelinga Kringelbakken i åra
1970 – 72. Borte var store sovesalar. Det var enkle, 2- sengs rom og eit 4-sengs
rom på kvar av 2 avdelingar på 15 senger med høve til kjønnsblanding for fyrste
gong i sjukehuset og stor arbeidsstove i underhøgda, alt til ein kostnad av kr.
800.000.
Endringar i bygningslov og
brannføreskrifter førte til at kvinne- og manns sentralane, frå 1968 kalla
Valemon og Hordabu, ikkje lenger stetta krava. Ei total ombygging ville verta
sers kostesam, og føremonene ville ikkje stå i høve til dette.
Bygga kunne likevel, slik
dei var, stort sett framleis nyttast til dag funksjonar som opphaldsrom i
avdelingane, arbeidsstove, møterom, kontor, laboratorium, røntgen, apotek, lager
m.v.. Løysinga vart oppføring av sengefløyar med ei avdeling på 20 senger i kvar
av tre høgder, med enkle, 2-sengs og eit 4-sengs rom.
Etter byggestart i mars
1979 var fløyen til Hordabu teken i bruk i desember 1980, og den til Valemon i
april 1981. Kostnaden for båe bygga vart kr. 25,8 mill.. Kjønnsblandinga av
pasientane vart gjennomført også her.
I disse åra kom ei, etter måten monaleg utbygging av hjelpetiltaka utanfor
sjukehuset og nye alders- og sjukeheimar vart bygd. Dette førde til at mange
kommunar lettare kunne ta dei sjuke til omsorg der. Såleis fall pasient talet på
Valen frå 350 i 1977 til under 300 2 år etter, og vidare til 250 ved utgangen av
1980.
Allsidig miljø.
Oppbygging av eit stort
sjukehus på landsbygda medførte at det ikkje berre var trong for
behandlingspersonale, men og for personale til andre turvande tenester. Det kom
verkstad for teknisk drift, snekker, skomakar, målar, møbeltapetsering og
bokbinding. Ved sida av arbeidet på garden og gartneriet kom pasientane til å ta
del i alle sider av drifta og behandlingsmiljøet vart sers allsidig. Dette har
så avgjort vore ein styrke i attføringsarbeidet.
Verdens Helseorganisasjon
sin ekspertkomité for Mental Helse uttalte i 1953 at heile atmosfæren i eit
sjukehus var den viktigaste enkeltfaktor når det gjeld behandlings- resultat.
Det allsidige miljøet har ført til ei god ånd og eit godt samarbeid.
Interesserte og dugande personale av alle slag har gjort sitt til beste for dei
sjuke. Aktiviteten og arbeidet var i tidlegare år det viktigaste i behandlinga
og personalet gjekk føre og var gode modellar og føredøme.
Kontakten i alle delar av
attføringsarbeidet og samarbeidet der, har vore eit godt utgangspunkt og svært
avgjerande for omstillinga og utviklinga frå eit meir autoritært til eit meir
demokratisk behandlingssamfunn. Arbeidet i Samarbeidsutvalet, frå 1977
Arbeidsmiljøutval, Brukarutval i byggesaker og Tverrfagleg behandlingsråd frå
1977, har ført til grundig gjennomdrøfting av problem og nye oppgåver. Dei nye
tiltaka som er sett i verk i desse åra, har i høgste grad vore eit resultat av
samarbeid på alle plan og som har ført til gode løysingar.
Nye tiltak.
I tidlegare tider vart i stor mon pasientane utskrivne når det meir alvorlege
sjukdomsbilete var over. Det var lite rom for å gjera noko utover dette. Etter
kvart som samfunnet forandra seg og behandlingsressursane betra seg, kunne ein
gjera meir for kvar einskild pasient. Etter kvart har ein derfor ikkje berre
lagt vinn på å behandla det aktuelle sjukdomsbilete, men også om mogeleg påverka
pasienten sine haldningar. Røynslene frå eit opphald ved sjukehuset bør i stor
mon kunne vera til nytte for pasienten når han vert utskriven.
Praktisk opplæring, kurs
og skule opplegg er vorte viktige deler av behandlinga og samarbeidet med
skuleverket er turvande.
Omveltinga elles i
samfunnet har ført til at folk ikkje lenger bur saman i større familiar med
fleire generasjonar under same tak. Mange innlagde har såleis hatt problem med å
kunna klara seg ute på eiga hand fordi dei manglar bakgrunn for dette, også
praktisk bakgrunn. Desse kjensgjerningane førte til at ein sidan 1975 har hatt
treningskjøken, 4 vekers kurs i gruppe for 4 pasientar. Frå juli 1982 har ein
hatt opplegg for hybeltrening med 6 hyblar i Skogheim der pasientane kan læra å
stella sitt eige husvære og sin egen mat. Eit viktig tiltak i same lei vart sett
i gang frå desember 1982 då den tidlegare kolonien Ekely vart gjort om til ein
kjønnsblanda rehabiliteringsavdeling for 12 pasientar med særleg opplegg for
matlaging, husstell og kleshald, saman med generell opplæring og trening i å
kunna disponera dagen sjølv og verta meir sjølvstendig. Mange pasientar som til
dels hadde vore i sjukehuset over fleire år, har no gjennom behandling på Ekely
over fleire månader, vorte i stand til å flytta bort frå Valen til eige husvære.
Kvinnherad kommune sitt tiltak med verna bustader i Rosendal som kom i stand i
samarbeid med Valen sjukehus i 1983 er eit døme på dette. Gjennom regelbundne
kontaktmøter kvart kvartal med helse- og sosialteneste i kommunane, som Valen
sjukehus har hatt sidan 1980 i Norheimsund, Kinsarvik, Etne, på Leirvik og med
Kvinnherad og Odda, har ein teke opp slike og andre spørsmål som krev meir
gjennomdrøfting, planlegging og samarbeid. Mange oppgåver ville vore uløyselege
utan slik regelbundne og forpliktande møter.
Sektorisering.
Frå 01.07.1976 vart
Hordaland fylke delt i 3 sektorar, Nordre, Midtre og Søndre. Neevengården,
seinare Sandviken sykehus, skulle ha Nordhordland og Nordre del av Bergen som
opptaksområde. Psykiatrisk klinikk, Haukeland sykehus og Solli Nervesanatorium
skulle ha resten av Stor – Bergen. Valen sjukehus skulle ha ansvaret for det
psykiatriske tilbodet i Hardanger og Sunnhordland og samstundes ha tilbod for
langtidspasientar frå Midtre sektor. Denne ordninga var så avgjort eit steg i
rett lei i og med at ein då lettare kunne samarbeida med sosial- og helsetenesta
i heimstadkommunane. I same tidsrom er talet på psykiatriske behandlingsplassar
i fylket, vorte monaleg redusert og presset på slike er difor ikkje vorte mindre.
Dei pasientane som ein får frå bergensområdet og som vert teken imot for
langtidsbehandling treng mykje oppfølging dersom ein skal kunna leggja tilhøva
til rette for utskriving. I normtalet for behandlingsplassar no tykkjest trongen
for aktiv langtidsbehandling for psykiatriske lidingar å vera gløymt. Det er
særleg dei yngre sjuke som vil lida under dette. Med turvande ressursar til
behandling er det ikkje tvil om at mange kunne fått betre hjelp og vorte i stand
til å klara seg utanfor institusjon. Dessutan kunne desse sjuke gjennom dette få
realisert seg sjølv på ein annan måte og fått eit anna liv. Dette ville også for
samfunnet ført til økonomisk vinning. Før kunne ein ikkje gjera så mykje innan
psykiatrien sjølv om ein hadde pengar og ressursar. No kan meir gjerast dersom
ein har tilgang på dette. Det er å vona at psykiatrien ikkje vert liggjande
etter samanlikna med annan medisin i prioriteringane i tida framover.
VED TUSENÅRSSKIFTE.
28. oktober 2000 var det 90 år sidan Valen asyl vart opna for «behandling og
forpleining» av sinnssjuke. Mykje har forandra seg frå den tida då institusjonen
var ein tilfluktsstad i ei lita bygd i utkanten av Søndre Bergenhus Amt som
skulle ta seg av dei sjuke frå heile Hordaland utanom Bergen by. Forandringane
har funne stad gradvis gjennom alle år. Sjukehuset sitt namn vart forandra då
det var 25 år i 1935 frå Valen asyl til Valen sjukehus som eit teikn på at ein
då hadde meir konkrete behandlingstiltak og kunne påverka sjukdommen meir
direkte enn tidlegare.
Utviklinga i landet vårt,
særleg etter krigen, har ført til eit heilt nytt samfunn med auka aktivitet og
utbygging i alle deler. På vel ein generasjon har landet vårt forandra seg frå
eit samfunn med skort og manglar til eit samfunn med velstand og overflod, eit
av dei rikaste landa i verda. Dette har og ført til at Valen sjukehus no ligg i
eit område med vekst og folkeauke. Sjukehuset ligg ikkje isolert men på rette
plassen for Sunnhordland og Hardanger som det har hatt sektoransvar for.
Siste åra har det vore eit
aukande press på sengeplassar i sjukehuset. Dette gjeld ø. hjelp og
langtidsplassar. Auka bruk av rusmidlar, samlivsbrot, sosiale vanskar og lite
nettverk samt språk- og integreringsproblem knytt til våre nye landsmenn krev
mykje ressursar. Livsstil sjukdommane gjer seg gjeldande. Krava til behandling,
kvalitet, effektivitet og tid aukar. Diverre er det likevel slik at fagfolka ved
dei ymse psykiatrisk institusjonane ikkje på langt nær får gjenomslag for dei
råmar dei meiner det er trong for. Me må setja vår lit til at Norsk Forening for
Mental helse med sine fylkes- og lokallag kan få gjennomslag for brukarane sine
vurderingar og forslag.
Ny oppgåver og
utfordringar har medført at Valen sjukehus særleg sidan 1980 har gjennomgått
omstrukturering. Eigedommen med integrasjon i nærmiljøet vert nytta til eit
allsidig aktivitetstilbod. Samarbeidet i opptaksområdet Sunnhordland og
Hardanger er godt. Valen sjukehus, Psykiatrisk poliklinikk for Kvinnherad, Etne
og Ølen opna i januar 1994 og fungerer bra med m.a. utedag i Etne kvar 2. veke.
Personalet ved sjukehuset har fått betre undervisningstilbod. Den faglege
kompetansen er auka. Det tverrfaglege samarbeidet både i og utanfor
institusjonen er ein føresetnad for gode løysingar. Kvalitetssikringsarbeide er
ein del av dei daglege gjeremåla.
Ny Helse- og sosialplan
for Hordaland fylke fram mot år 2010 trekkjer opp ideelle retningslinjer for
psykiatrien frametter. Tverrfagleg behandlingsråd gav i brev av 29.05.96
merknader til denne. Frå fagleg synsstad er det viktig at sektoriseringa frå
1976 med sjølvstendig sjukehus i kvar sektor er eit grunnleggjande prinsipp. Det
nye er fylkesdekkande spesialtilbod for ymse pasientar, samt 9
Distriktspsykiatriske sentra (DPS) irekna Kvinnherad DPS ved Valen sjukehus. I
meldingsåret har underskrivne vore med i ei plannemnd for nytt psykiatrisk
sjukehus i Midtsektoren, Bergens sjukehuset, ei samanslåing av Psykiatrisk
avdeling, Haukeland sykehus og Sandviken sykehus samt nemnda som gav tilråding
om 7 plassar ved Valen sjukehus og 13 plassar ved Sandviken sykehus for dei
lovbrytarane som kan verta dømt til behandling. Ved Valen sjukehus har i
meldingsåret ei nemnd med Kari Nygård som leiar sett nærare på kva som kan og
bør gjerast i vårt eige opptaksområde for oppfølging av barn av psykiatriske
pasientar.
Ved Valen sjukehus har ein
gjennom årsmeldingane dei siste 10 åra halde fram at reduksjon av sengeplassar
særleg er gått ut over behandlingsplassar for yngre langtidspasientar. Det er
difor svært rettkome at styremaktene etter kvart har fått større forståing for
dette. Opptrappingsplan for psykisk helse 1999 - 2006 lovar større satsing. Det
er å vona at interessa for å få til eit tilbod ved Handeland, avvikla som koloni
i 1995, vil auka. Valen- og Handeland gard er ein integrert del av sjukehuset
sitt behandlingsmiljø. Valen sjukehus meiner at garden framleis bør drivast av
fylket.
I 1997 sende Sosial- og helsedepartementet til høyring. Lov om helsepersonell,
Lov om pasientrettigheter, Lov om spesialisthelsetjenesten og Lov om
rettssikkerhet og særleg tiltak for mennesker under psykisk helsevern (psykiatriloven).
Alle desse er viktige for utviklinga av norsk psykiatri og oppfølginga av dei
vert ei stor utfordring. Stortinget ferdigbehandla lovene i meldingsåret. Før
psykiatriloven kan iverksetjast må arbeidet med forskriftene gjerast ferdig.
Den økonomiske veksten i landet har medført store framsteg i helsesektoren med
betre sjukehusbygg, behandling og arbeidsmiljø. Dette må likevel ikkje få oss
til å gløyme det ansvaret kvar einskild av oss har kvar dag. Våre haldningar,
innstilling, arbeidsvilje og måten me utfører våre oppgåver på som medmennesker
er og avgjerande for det resultatet som vert oppnådd.
Bygda og personalet.
Valen sjukehus er det
einaste psykiatriske sjukehuset i landet som ligg i ei lita bygd og langt i frå
eit byområde. Dette medførte at sjukehuset og bygda saman har utgjort eit
samfunn der oppgåver måtte løysast på staden. Ved sida av behandling og
pleiepersonale måtte ein og ha handtverkarar og verkstader. Sjukehuset og bygda
vart saman eit eige samfunn der miljøet og tilboda i bygda vart utnytta i
behandlingssamanheng. Det har vore til stor nytte at pasientane kunne ferdast og
vera velkomne i eit lite, oversiktleg miljø. Samstundes har bygda teke imot dei
sjuke på ein fin måte. I den daglege omgangen har det såleis ikkje vore skilnad
mellom pasientar og bygdefolket. Desse tilhøva har ikkje minst vore nyttige for
dei pasientane som har hatt trong for lengre opphald med habilitering/rehabilitering
der trening over tid var det som skulle til for å betra funksjonsnivået og gjera
dei i stand til å klara seg ute i samfunnet på ein meir sjølvstendig måte.
Tilhøva slik dei har vore
har ført til velvilje frå både pasientar, pårørande og bygdene i opptaksområdet.
Dette er gjennom åra ikkje minst kome til uttrykk gjennom innsamlinga til eit
kapell og velferdsbygg som Konrad Lunde byrja med i 1930. Det var mange små
bidrag gjennom åra som førte til eit kapellfond på kr. 5 mill. og saman med ymse
tilskot m.a. frå kraftfondet og kome til ved sjukehuset, kunne reisast for kr.
9,5 mill.. Det fylkeskommunalt utgiftene til dette offentlege bygget vart kun på
1,5 mill. kr..
Det var ein stor dag då
Biskop Ole B. Hagesæther 08.09.99, kunne leggja ned grunnsteinen for Kapell og
velferdsbygget i nærvær av mange frammøtte frå bygda og sjukehuset.
Vigslingsgudstenesta ved biskopen 19.05.2000 vart ein svært minnerik og verdig
dag for tiltaket og for sjukehuset i det heile. Det er lite tvil om at bygget og
det miljøet som er skapt der, er ein viktig del av sjukehuset sitt totale
behandlingsmiljø.
Valen sjukehus medisinsk
tilbod i nærmiljøet.
Legane ved Valen sjukehus
vart nytta av folket i nærmiljøet heilt frå opninga i 1910. Dette var naturleg
då distriktslegen for Kvinnherad budde i Rosendal og for Fjellberg budde i Ølen.
Distriktslege Endre Haugen i Kvinnherad og overlege Konrad Lunde var dei faste
legane samanhengande i området frå 1923 og i 50 år framover. Dei hadde stor
arbeidskraft .
Til all lukka er det
offentlege helsetilbodet i Kvinnherad frå 1970-åra auka i pakt med tida.
Statleg overtaking av
sjukehusa.
Frå og med 2002 overtok
Staten ansvaret for sjukehusa. Dette har medført omlegging og store utfordringar
som krev store økonomiske og personalmessige ressursar. Til no er ein ikkje
overtydd om at ordninga vil føra til betre helsevesen og tenester for det norske
folk"
Tjerand Lunde, Valen 2002
Det er ikkje tvil om at Tjerand Lunde hadde lange arbeidsdagar og mykje å stå i med.
I tidsskrift for den norske legeforening finn me dette:
"Psykiater Tjerand T. Lunde (f.
1934) er tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull for fremragende og
samfunnstjenlig innsats for Valen sjukehus, for de ansatte og for pasientene,
gjennom mer enn 35 års tjeneste.
I 1970, etter å ha fullført spesialistutdanningen, ble han ansatt som
administrerende overlege ved Valen sjukehus. Frem til han gikk av som pensjonist
var dette hans arbeidsplass. I flere perioder var han eneansvarlig både faglig
og administrativt på grunn av mangel på fagfolk, fortalte assisterende
fylkesmann i Hordaland, Johan B. Synnevåg, ved overrekkelsen, der nærmere 180
gjester var til stede.
Lunde har stått for nybrottsarbeid på flere felter innen psykiatrien,
blant annet når det gjelder ettervern for pasientene, og oppfølging av pårørende.
Han har en sterk ansvarsfølelse, omsorg for pasienter og lokalsamfunn, og har
satt varige spor etter seg, heter det i begrunnelsen".
Tjerand Lunde har også hatt eit stort engasjement innan idretten, han var sjølv ein dugande stavhoppar som ung, seinare har han lagt ned eit imponerande arbeid for idrettslaget TRIO, der han sat som leiar i 36 år. Laget heidra han med æresmedlemskap i 2012. Han er tidlegare også heidra med Kvinnherad kommune sin kulturpris for samme arbeidet.
Kjell E Thorkildsen