|
Ida Drangsholt (Undall),
1892-1965, vaks opp på Nordre Valen gard som dotter av
gardseigaren. På nabogarden budde onkelen med sin familie.
Ho beskreiv alltid oppveksten som rik og trygg, ho skjønte
at ho høyrde til dei priviligerte. Alltid nok mat, mykje
folk og gjestelag, mange skular og bøker. Dette var ikkje
sjølsagt i dei dagar.
Både far og onkel var med på
samfunnsbygginga, som ordførarar, post- og veginspektør, Eid
sokn sparebank vart starta som eit lokalt foretak Undall/Juell,
som kulturinteresserte var brørne med og samla inn eventyr
til Asbjørnsen og Moe, og då Asbjørnsen var på Valen i besøk
fekk han med seg eventyret ”Fra en Vestlandsk skovdal”,
lokalt forankra gjennom namn og folk herifrå
(Norske
Huldreeventyr og Folkeeventyr.
Bind 1)(sjå anna side). Dei starta skule og
sogneselskab og kosta grunn og tømmer.
Proprietæren,
far hennar, var ikkje berre samfunnsbyggjar, nokre gonger
hadde det meir preg av spekulasjon og risikoforetak, til
dømes satsa han mykje på fyrstikkfabrikkar. Det vart tilmed
bygt ein på Valen. Undall var involvert i ei rekkje slike
rundt om i landet, dei fleste brann etter kort tid, og let
eigarane att med store tap.
Trass i
store eigedomar og mange bein å seta drifta på, gjekk det på
starten av 1900talet mot slutten for drifta av Nordre Valen
gard. Garden vart seld til Hordalands Amt i 1908 og
asylbygginga tok til. Familien bygde og flytta inn i
Solstrand, og her fekk Ida læra å kjenna brå og absolutte
endringar i høve til livet ho hadde levd. Eg har ofte tenkt
at denne tida, då gamle og rike familiar og gardar mista
mykje av grepet dei hadde på samfunnet rundt seg, då husmenn
kunne reisa seg ut av historia som overtakar etter far og
giftarmål over bøen til arbeid som frie menneske og reisande
til Amerika, at dette var ei spanande omveltningstid for
alle i landet. Det var ei reformasjonstid utan like;
utdanning til alle, avskaffing av husmannsvesen og
legdordning, jordereformer, elektrisitet og industri ….
Ida
Drangsholt vart etterkvart ei ’vanleg’ jente, ho som kunne
føra slekta tilbake 700 år tilbake til dei store
adelsslektene på Vestlandet ! Desse hundreåra bakover vart
temaet i hennar seinare bøker, dei fleste av dei finn stad
på Valen/Eikeland eller Handeland (Lykkeridderen). Det er
heller ikkje vanskeleg å tenkja seg kor Fru Jette til Grande
gård finn stad. Med slik forhistorie var det kan hende ikkje
så rart at bøkene hennar vart svermeriske, lagt til ei tid
då gammal orden var intakt, då rike og fattigfolk, bønder og
husmenn rådde med det meste.
Ida
Drangsholt møtte ingeniøren Kristian Drangsholt på Valen og
etterkvart gifte dei seg. Etter utbygginga av vasskraft i
Valefjellet søkte dei mot Austlandet. Ida Drangsholt besøkte
Valen seinare med ujamne mellomrom, og valde å la seg
begrave her blant sine forfedre. Ho ligg på ’gamle
gravplassen’ på Valen. Ida Drangsholt
skreiv på dannet riksmål, men var tidlig ute med å legga
samtalar i bygdemiljøet til eit tilnærma landsmål/’valo-isk’.
Så vidt eg
veit, har ho gjeve ut seks bøker i tidsrommet 1944 – 1960.
Dei mest kjende er vel ’Trollfuruen’ og ’Lykkeridderen’.
Dette er romantisk lesnad, nokre gonger ’over kanten’, men
kan likevel vera både kjekt og nyttig: Mange skikkar, gards-
og slektstihøve vert ein kjent med, bakgrunnen for nokre av
dei topografiske namna i området blir klarare. Det vert
referert til slekta på Seim og i Baroniet, gjestebod i
romjula der hesteveddeløp over Høylandssundet var del av
feiringa, postvegen med Olavskjelda der dei som var på veg
mot det ’svedende og undergjørende krusifiks’ i
Røldalskyrkja tok seg ein tår og ein rast; så har me vår
eigen valfartsveg her i området ! Gjennom Teigadalen og mot
Ølfarnes, - postvegen.
For den som
måtte føla seg kalla til å besøkja Valen, Kvinnherad og
Vestlandet i gammal tid kan eg berre anbefala desse bøkene.
Du får tak i dei fleste gjennom ulike antikvariat på
internett.
Ida
Drangsholt er på det meste gløymt. Det er på tide å trekkja
henne fram frå skuggane og gi henne merksemd. Dette burde
vera ei oppgåve for bibliotek og kulturmynde. Kva med
å bidra til ei nyutgjeving og to ?


Alle
bøkene er utgitt på Harald Lyche Forlag


-Kjell
E Thorkildsen |