Skog
     
 
 
 
 
 
 

Skog og trevyrke

 

Kjempe-Eika i Søre‑Valen

Kjempe‑eika som stod midt i Søre‑Valstunet, kan ein ennå finna restane etter. Stuen står enno som ein stabbe der det har vore planta blomar dei siste 70 åra. Fra Vibes "Søndre Bergenhus Amt. Fjellberg herred" for året 1897, finn vi:

"Ved Valen staar der et gammelt egetre, der skal være et af de største i Skandinavien. Det maaler 10 meter i omfang i brøsthøide. Forstmester Asbjørnsen skal for 30 à 40 aar siden ha anslaaet dets alder til 900 aar. Er dette skjøn rigtig, skulde egen ved Valen have staaet som et ungt træ allerede i Harald Graafelds og Haakon Jarls tid."  Då våningshuset i Søre-Valen brann kring 1917, vart dette kjempetreet så mykje skada at det ikkje var anna råd enn å hogga det ned. Det vert sagt at tolv mann hogg samstundes då treet vart felt. Eika vart då skoren ned til mannshøgd slik at noko av treet enno skulle få visa igjen i tunet. Med denne kjempa rann etter kvart tida og ut for ætta som hadde hatt hand om Valegarden samanhengande, kan hende like tilbake til tida då eika berre var eit ungt tre, kring tusenårsskiftet.

 

Søravals-granen

På sørsida av eldhuset i Søre-Valen står det ein stor gran. Slik den står idag rekk han nærare 50 meter i været og må vel vera med dei høgaste granane i kommunen. Grana skal ha vore planta av Jens Fredrik Undahl i 1870-åra.

 

Trollfurua

I Vågalio like ved skifta mellom Handeland og Valen, nedfor     gamleveien, skal den gamle trollfurua ha stått. Ho vart  nedhoggen seint  på 1800talet ein gong. Like ved denne staden stod det og ei anna stor furu som etter dette fekk namnet Trollfurua. Då denne vart hoggen fortalde far min at alen i denne vart brukt til hjulaksling på Søravalssago. Det er restane etter denne vi kan finna att i dag på branntomta etter "Gamla Sago". Som namnet kan vitna om var det ei kjempefuru som stod her i Lio. Det finst det eg veit ikkje noko anna skrive om Trollfuruen enn det Ida Drangsholt skriv om i romanen med det samme namnet med fri diktning frå Valen. I romanen er Trollfuruen plassert på grensa mellom Eikeland og Valen og  har ingen faktiske knytningar til Trollfurua i Lio.

 

Skottehandel og skipsfart

Fram gjennom åra har skogen vore ein viktig resurs for folket på våre kantar. Her har ein i det lengste sluppe å halda sut for hverken tømmer eller ved. I gammal tid kom det folk frå Island og andre norske utbygder for å henta tømmer for både hus og båtbygging. Seinare kom skottane og hollenderane for å kjøpa tømmer, noko som førde til auka handel på andre område og. Utlendingane førde ofte med seg andre varer som dei bytte eller selde til bygdefolket, og for desse har samhandelen hatt mykje å seia.

 

Det er fyrst på 1500-talet ein kan finna noko meir greia på denne trafikken, men vi veit at utlendingar henta tømmer og trelast frå våre trakter lenge før dette. Sunnhordlandsbygdene var rik på furuskog, her var og mykje eik og anna lauvskog som var ettertrakta til skipsbygging.

 

Det var og mange heimehøyrande i Sunnhordland som førde trelast ut. I 1306 er det nemnd eit skip "Gaut" som kom frå Bergen til Lynn med ei last på 3000 bord og eiketømmer. Dette peikar mot våre trakter som var rikast på eikeskog av bygdene rundt Bergen. Namnet på skipet får ein lett til å tenkja på ætta som på denne tida sat med Valegarden.

 

I 1391 er det nemnt at "Halsnøy-bussa" kom til Island og i 1397 kjem det eit skip til Nordlandet førd av Ivar Galte.

Vi veit og at Gaute Eirikson Galte som sat med Valen hadde fleire skip og dreiv med handel på utlandet.

 

I tollrekneskapen for lenet for 1521 er det nemnd 4 skip som har lasta ved Halsnøy Kloster. Ein hollendar, ein frisar og to skottar.

I 1554 kjem det forbod mot å selja skip til utlandet på 10 år.

Mange utlendingar starta då opp med å byggja skip sjølv, men i 1564 kom det forbod om dette og. Det vart vidare forbod mot å hogst i kongens skogar. Det tok no til å merkast at skogen vart øyda av den store utførsla. I Sunnhordland gjekk det særleg hardt utover eikeskogen, som var ettertrakta til skipsbygging. I Sunnhordlandsskogane vart det hogge ikkje så lite til utlandet. Skottar og andre førde trelast ut og ein god del vart brukt til skipsbygging i bygdene. Noko vart utskipa over Bergen eller av borgarane der, noko for kongens rekning og truleg har sume av dei adelsmennene som budde i Sunnhordland skipa ut utan at det vart registrert toll, då det var frå deira eigne skogar. Utførsla av tømmer frå desse traktene vart stoppa fleire gonger ved særskilde forbod. Mellom anna var dette tilfelle då Bergen brann i 1582 og i 1590.

 

Med tida vart det tidt og ofte at dei langvegsfarande slo seg ned her i traktene, det kan mange namn vitna om. Stadnamn vitnar og om denne tida med trelasthandel. I Høylandsundet har vi "Skotafluo", det vert sagt at eit skotte-farty gjekk seg oppå der ein gong.

 

I 1597 er Valen nemnd i tollrekneskapa som lasteplass for skotske skip og etter 1610 finn vi og Handeland.

 

Etter tollova av 1602 skulle alle , både norske og utanlendingar betala toll for trelast som vart førd ut. Likevel vart det skipa ut mykje som tollbøkene ikkje melder om. Det var særleg adelen som ville halda på privilegia sine og ikkje betala toll.

 

I 1611 finn vi at Jørgen Brockenhus, lensherre på Halsnøy Kloster og Hardanger len "fragter og lad" eit Wismar-skip på 28 lester, og det gjev toll for 130 tylvter bord, som var lasta ved Handeland der Klosteret hadde sag.

 

Kring 1665 kom det strenge forbod frå kongen mot utførsel med utanlandske skip. Det var for å imøtekoma krava frå borgarane i byane som lite fekk ta del i trelasthandelen.

Men dette gjekk ikkje bra, for intektene gjekk dramatisk ned både for bygdene og for kongens kasse. Forbodet vart snart oppheva og skottehandelen i full gang att.

 

Det er ikkje nemnt mange skip frå Sunnhordland på denne tida, men Paul Andersson Nolck på Handeland står som eigar av ein part i eit Bergensskip i 1683.

Det vart og ført ut anna enn trelast frå bygdene her. Det kunne vera fisk eller dyr. Ein raritet er utførsel av hasselneter. Ein ser det ikkje kvart år, men på 1600-talet er det ikkje så sjeldan ei eller to lester frå Sunnhordland. I 1692 vert det førd ut 229 tønner om tollstaden her. Seinare vert det og noko utførsel av marmor, også til utlandet, frå Montanjen sine marmorbrot. Dette vart i stor grad lasta på Handeland der steinen vart skoren og slipa.

 

Sagbruk på Valen

Skogen fekk ein større verdi då vassaga kom i bruk i første delen av 1500 talet. Før det måtte dei nøya seg med å kløyva tømmeret og hogga det til med øks. Dette vart kalla "borved". Som vi kan forstå var dette eit ran mot skogen, i beste fall fekk dei berre to bord av ein stokk, og svært mykje gjekk bort i spon. Dei første sagene var primitive "oppgangssager", eit underfallshjul med jernsveiv, men sveivstang, ramme og glideinnretning av tre.

Frå 1560 vart sagene pålagt skatt, 3 daler for kvar årgangssag og halvparten av ei flaumsag. Det er nemnt sagbruk på Valen så tidleg som på slutten av 1500‑talet. Vi veit ikkje noko om kva elv denne saga då stod ved. I ei forteljing der eventyrforfattaren Peder Chr. Asbjørnsen fortel om Valen vert det antyda at det stod sag ved nordelva i gammal tid. Laurits Johanneson står i 1563 nemnt som eigar av sag utan at vi veit sikkert at denne stod på Valen. I 1597 er Valen nemnt som lasteplass for skotske skip. Valen sag var i følge skatterekneskapet for 1603 eigd av Olav Bagge og i 1617 betaler han 2 1/2 daler for tiendebord. Skurden var då større en på de fleste andre sager i Sunnhordland. Saga på Valen blir i 1663 angitt med 800 bord og i 1708 og i 1723 med 400 bord. I 1651 vert det betalt 6 rdl. i skatt for Valen sag.  Dette vart rekna for å vera ei svært tung skattlegging.

Det er på denne tida rimeligvis Laurits Johannesson og kona Marita Fartegnsdtr. som då sit med garden.

 

I ingeniør Jens Fredrik Undahl si tid vart Vale-sago leig ut til Gravdal skipsbyggeri når dei skulle laga Nordlandsjekter. Då produksjonen av fyrstikker tok til ved fabrikken til Jens Undahl vart det skore osp på saga. Då fabrikken tok fyr og brann ned og han sidan gjekk på store tap på fabrikken han fekk byggja opp i Bergen gjekk det økonomisk dårleg for Undahl. Han tok då til med å hogga ut skog for å dekka opp dette tapet. Det vart hogge ut tømmer for 70.000 kr i Spiredalen, det beste tømmeret som var på Valen.

 

Jens og Wilh. Undahl som hadde saga saman førde mykje av skurden til Bergen med båtane "Bergljot" og "Skulda"

 

Fartybygging og båtfart

Det vart bygt båtar på Valen. Frå klubbavikjo til Vågen hadde båtbyggjarane fine vilkår for bygging og reiding, og tilgang på sag og førsteklasses material.

Mange bygde eigne båtar for å spe på med fiske.

   


(Asbjørnsen var forstmester og var på     Valen for å gjera noko oppmåling, etter seiande av den største eika i         Nord- Europa, som skal ha stått her. Restar av    eika har til for nyleg lege utanfor tunet og  tent som beplantning).

 
 
(c) 2010 Kjell E Thorkildsen