|
"MONTANJEN":
Peder Montagne Lillienskjold
I 1694 vart Handeland-garden kjøpt av kaptein Peder Montagne
Lillienskjold. "Montanjen" som han vart kalla her omkring,
var fødd i Bergen i 1667 og var son av tollar Peder Pederson
Montagne og Else Marie Lillienskjold.
Faren, Peder Pederson (1638 - 1672) hadde ein millitær
løpebane og var løytnant under Kapt. Chr. Hollberg. Han
deltok i fleire felttog, mellom anna i "Trondheims
tilbakeerobring" i 1658 og i "Haldens undsetning" november
1659. Han gjekk ut av tenesten etter krigsskade og fekk i
1662 embete som tollar i Bergen. Han vart i 1664 gift med
Else Marie Lillienskjold, dotter til den rike Hans Hansen
Smidt, borgarmester i Bergen i 1650 som vart adla under
namnet Lillienskjold i 1676.
I 1672, ikkje lenge etter at Peder Montagne var fødd, døydde
far hans. Han vart då tatt i huset til morfar sin og skal ha
vakse opp der. Morfaren som hadde nært samband med
stathaldar og greve Gyldenløve, sende dottersonen på ei
lengre utanlandsreise med han. Han vert her nemnd som "Den
gamle greve av Laurvig". Peder var då berre 14 - 15 år
gammal. Det skal ha vore på denne reisa han tok i bruk
adelsnamnet til morfar sin. Noko han ikkje hadde rett til då
adelstittelen etter dansk lov berre fylgde den agnatiske
ettleden. Etterkomarane etter Peder Montagne Lillienskjold i
Danmark påberopa seg og dette adelsnamnet, noko som seinare
er påvist å ikkje ha vore med rette.
Else Marie Lillienskjold vart i 1674 gift opp att med
Volkvart Volkvartson Riisbrich, son av slottsskrivar på
Bergenhus og fut i Nordhordlen. Dei budde på Gravdal ved
Bergen. Riisbrich døydde i 1714, men enkja levde ennå i
mange år og døydde i ein svært høg alder i 1728.
Peder Montagne valde ein millitær løpebane som far hans før
hadde gjort. I 1686 vart han fenrik i Bergenhus. nat.Inf.reg.
og i 1690 Kapteinløytnant ved Nordhordlenske Comp.i samme
regiment. I 1693 vart han Kaptein og sjef for Søndre
Sønhordlenske Compagni og i 1700 Secondmajor. Men alt i 1704
må han ha vore avgått fra krigstenesta, då han er sletta i
militærkalendaren for dette året. Han har sannsynlegvis fått
"Avskjed med Oberstleutnants Character", då han har hatt
denne tittelen seinare.
Peder Montagne var gift med Abel Cathrine Hjort, dotter til
justisråd og landkomisarius nordenfjelds, Hans
Christophersen Hjort og Anna Marie Heidemann. Dei hadde 11
born, 7 søner og 4 døtre. Sonen Christian f. 1697, var
kaptein i Vesterlenske Inf.regiment. Christian Sigfried
f.1698, var hoffjunker. Thomas var amtmann i Ringsted 1734,
han vart etatsråd og seinare konferentsråd. Dottera
Hanriette Antonette, f.1704 vart gift med oberst i Bergenhus
Inf.regiment, Anton Jacob Coucheron. Anna Marie
Lillienskjold f.1707, vart gift med generalmajor
Nicolai Fredrik von Reichwein.
Dei fleste av borna vart seinare knytt til Danmark der
slekta har fortsett som godseigarar, millitær og
embetsmannsslekt. Dei vart godkjend som dansk adel i 1883.
Jordeiga til "Montanjen"
"Montanjen" eigde mykje jordegods rundt om i Sunnhordland.
Noko arva han etter far sin som utan tvil var ein velståande
mann. Og ein del tileigna han seg ved ekteskapet med Abel
Cathrine Hjort. Av større eller mindre gardar i Sunnhordland
som var i Montanjens eiga kan vi nemna:
Handeland 3 laupar smør 3 huder
Sandvoll 2 1/2 laupar smør
Ersland 3 laupar smør 1 1/2 hud
Toftekalven 1/2 laup smør
Biskopteig på Sunde 12 mk smør
|
Ytre Bauge |
|
1 laup smør |
|
|
Vika |
|
2 3/4 laup smør |
|
|
Bratskåt |
|
12 mk smør |
|
|
Rullestad |
|
18 mk smør |
|
|
Glommen |
|
12 mk smør |
|
|
Leknes |
|
1 hud |
|
|
Ramme |
|
2 laupar 15 mk smør |
|
|
Grindem |
|
1 laup smør 1/2 tønne korn |
|
|
Tesdal |
|
2 laupar smør 1 hud |
|
|
Utbøe |
|
2 laupar smør 2 huder |
|
|
Bierkeland |
|
2 laupar 2 1/2 ? smør |
|
|
Homeland |
|
2 huder |
|
|
Flateråker |
|
1 laup smør 3 huder |
|
|
Kaaste |
|
1/2 laup smør 1/2 hud |
|
|
Holsæter |
|
1 pd 3 mk smør |
|
|
Rosseland |
|
1 laup smør 1/3 hud |
|
Omgjort til smørskyld sat Montanjen då med ei eiga på 30
laupar 54 mk smør. Eller kring 8 skyldmark.
Mange av desse gardane var oppkjøpt etter at han slo seg ned
på Handeland. Fleire av dei hadde dei største verdiane i
skogen og var nok ei god intektskjelda for eigaren. Både på
Handeland og Sandvoll var det store sager som Montanjen
eigde.
Bernt Orning på Stord sat med garden Orningaard. Han var son
til Karen Mowatt. Enkja etter Bernt, Sidsel Juel, pantsette
i 1697 garden til Peder Montagne Lillenskjold for eit lån på
92 rdlr. Då ho døydde ville Montanjen overta garden, men
kjøpmann Seehusen i Bergen hadde og pant i garden og vart
tilkjendt eiga.
Det vert og sagt at Montanjen var ute etter å tileigna seg
Valegarden. I 1698 gjorde han makeskifte med Peder
Halsteinson Skorpen og fekk 1 laup smør i Valen mot 1 pund
korn i Hemnes i Ryfylke. Hemnes hadde Montanjen fått frå
mora og stykfaren samme året. Makeskiftet vart seinare gjort
om ved dom i Høgsterett i
1705.
Sandvollgarden overtok "Montanjen" kring 1710. Denne garden
var såkalt offisersgard, det var offiserar som hadde
førerett til å bygsla desse.
Det går mange historiar om den brutale og overmotige Peder
Montagne Lillienskjold, hata og forakta av allmugen. Segna
vil ha det til at bøndene gjorde hærverk på eigedommane og
svidde av fleire av gardane hans. Kor mykje det er i desse
segnene veit vi ikkje, men i alle høve brann garden på
Sandvoll ikkje lenge etter at "Montanjen" overtok. Det vert
og fortalt at ein tømmerflåte Montanjen hadde liggjande ovom
Longfoss i Åkerfjorden vart styrta i fossen og knust då
rasande bønder ville hevna seg på han. På folkemunne heiter
det og at han let "klynge opp" to av bygslarane sine då dei
hadde hogge tømmer i skogen hans utan lov, men dette er nok
ei heller tvilsom soge.
Reiparbanen
Sikrare er kjeldene når det gjeld dei foretaka som Montanjen
sette i gang med. Han starta opp med reiparbane på
Handeland. Her vart det laga tauverk til mange formål. Frå
tynne snorer til tjukke trosser. Råstoffet kunne vera bast
av selja, alm, bjørk og brake. Lyng kunne og brukast. Dei
brukte og ull og hår av sau og geit eller blanding. Vi veit
ikkje om kva marknad det var for reipa til Montanjen, men
mykje vart nok brukt på dei ymse anlegga han hadde vida
ikring.
Sletta der vegen går ned til Handelandssjøen vert kalla
Banen den dag i dag og vegen derifrå og ned til Gongstø vert
kalla Banabrekko. Korleis arbeidet på reiparbanen føregjekk
kan vi berre tenkja oss til. Men det vart brukt hestar til
arbeidet med å tvinna reip og tau. Dei måtte og ha ei god
lengde eller "bane" å arbeida på. Korleis det gjekk med
denne forretninga finst det ikkje nokon beretningar om, men
etter som dei andre foretaka til Montanjen vart tapsbruk,
vart det vel ikkje betre på reiparbanen heller.
På 16 og 1700 talet vart det gjort mange forsøk på å få
igang industri som kunne utnytta dei resursane Noreg var så
rik på. Etter at eineveldet var innført i 1660, vart det
gitt mange privelegier til borgarar i Noreg. Dette førde til
at mange tiltak vart sett i gang rundt omkring i landet.
Peder Montagne Lillienskjold var ein av dei som ville gjera
seg nytte av dette. Han var ein mann med mange planar og
idear, men det var ikkje alt av tiltak som fekk den store
framdrifta, for nokon økonom var oberstløytnanten ikkje. Det
går enno munnhell om å stella seg som Montanjen som hadde
"Ti drenger og ei øks".
Men aktivitet vart det.
Montanjen hadde og konsesjon og einerett på teglsteinsdrift
i Sunnhordland. "Tobakspipemanufactur" som han fekk
konsesjon på, veit vi ikkje om han nokon gong kom i gang
med.
Teglverket på Valøya
Det finnes ennå restar etter teglverket på Valøya.
På vestsida mot Verkavika der eidet er på det smalaste
finn vi grunnmurane etter det som ein gong var driftsbygget
på teglverket. 30 ‑ 40 meter derifrå og i retning aust
og søraust er det groper som viser kvar ovnane var
der teglsteinen vart brend.
"Montanjen" fekk ved kongelig bevilling einerett
på marmordrift i Sunnhordland, han hadde og einerett
på teglverksdrift. Han fekk og konsesjon til
en "tobakkspipemanufaktur" (Antagelig kritpiper) utan atvi
veit om dette vart noko av.
Forholda som gjer at ein kan gå ut frå den ovannemde teorien
er som følgjer:
Då Jakob Børgesen kom til Valen hadde han ein tredjepart av
garden etter mor si Birgitte. Moster hans Marita som då sat
på Valen overdrog sin tredjepart til Jakob. Den tredje
systera Karen var gift med Halstein Arnoldsen Skorpen. Deira
3-part vart makeskifta til Marita. Borna deira arva seinare
ein laup i Valen etter mannen til Marita. Halvparten vart
pantsett til Jakob Børgesen. Den andre halvparten vart
i 1698 makaskifta hos Peder Montagne Lillienskjold
på Handeland. Arvingane etter Jakob Børgesen protesterte
på dette og "Montanjen" måtte gje frå seg denne delen
etter ein høgsterettsdom i 1705. Det har vore nemnt at "Montanjen"
var ute etter å tileigna seg heile Valegarden, men at han
her ikkje på nokon måte nådde fram.
At det skal ha vore "Montanjen" som har vore opphavet til
"Verket" på Valøya er ikkje på nokon måte bevist, men det er
nærliggjande å tenkja seg dette på bakgrunn av dei
aktivitetane han ellers hadde på dette området.
Iflg. Personahistorisk tidsskrift B.6. s.46, finn vi om
Montanjen: "Han opprettet også et teglverk som leverte
murstein av en fortrinnlig kvalitet". Det ligg ellers ikkje
føre nokon muntlege tradisjonar om drifta på Verket, det vi
veit.
Marmorverka
Oberstløytnant Peder Montagne Lillienskjold var den første
så vidt ein veit som tok opp marmordrift i Bergen stift. Ved
kongelig resulusjon av 28/8 1704 og privellegium 13/2 1706
fekk han einerett i Sunnhordland; "At utarbeide marmor de
Roche og ingen annen i tolv mils omkrets med Stenbrugs
Opptagelse hannem skulde præjudicere med videre" .
Lillienskjold får vidare tollfrihet for utførsel og dei som
arbeidde på verka hans fekk fritak for utskrivning til det
millitære. Kongen forbeheldt seg førsteretten til kjøp av
det utbrotne marmoret.
Ved Handelandsjøen hadde "Montanjen" anlagt ei marmorsag.
Marmor vart frakta frå verka hans til marmorsaga på
Handeland der det vart slipa og skore i blokker.
Det blir sagt at steinen vart skoren med ei kvass sandblanda
vasstråle. Sagbladet var av bly. Når ein hadde vatn og sand
på blybladet skar stråla sakte men sikkert gjennom
marmorsteinen.
Marmoret kom for det meste frå Moster og frå Vikanes på
Stord. Han hadde og marmorbrot på Hopeholmen i Fana. Hidle
og Seløya er og nemnt i forbindelse med Montagne
Lillienskjold og marmorbrot.
Frå Handeland vart marmoret frakta til København, men mykje
vart og ført til England.
Frå marmorbrota vart steinen frakta med farty til Handeland
der vidareforedlinga vart gjort, og vi kan tenkja at det var
noko trafikk ved Handelands-sjøen på denne tida. Det finst
lite kjeldemateriell på dette, men det går enno ei soge om
ein galeas som skal ha gått ned like utafor
Handelandsskjeret ein uversdag då det skulle skipast på land
ei marmorlast. Enno eit par hundreår etter denne hendinga
heiter det seg at ein ikkje skal setja garn på denne staden
då ein lett kunne få øydelagt reidskapen her.
Tekniske leiar for de 7 "Lilienskjoldske marmorverker" var
Johan Friedrich Hanell. Han var fødd schlesier og var
bilethoggar. På kvart marmorbrot var det i regelen ein
grovsmed, ein minermeister, ein kilemeister, ein slipar og
ein overhoggar. Dessutan var det 30 - 50 arbeidarar. Alle
disse var iflg. privilegiumet fritatt for militær
utskrivning. Følgen av dette var at folk ville ha arbeid på
verka til Montanjen sjølv om arbeidsløna var dårleg. Her var
også utanlandske arbeidarar. Lillienskjold hadde i 1725
gåande ei strid med to engelske steinhoggarar.
At det vart tatt ut store blokker ved brota kan ein sjå av
bestillingar som har vore gjort. i 1723 bestiller
hoffbyggmeister Johan Conrad Ernst 2 blokker til
kolossalstatuer.
Men drifta lønna seg ikkje. Gong på gong vert det søkt om
tilskot og lån. Alt i 1707 søkjer Montanjen kongen om eit
lån på 4000 r.dlr.
Etter at Peder Montagne Lilienskjolds døydde i 1725, blei
drifta av alle foretaka overteken av sonen Hoffjunker
Sigfried Lillienskjold. Han slutta kontrakt med
byggmeistrane til kongen om å levera 10000 kubikkfot ymse
typar marmor til bygginga av Christiansborg slott og sørgja
for transport til København for kongen si rekning. Då
Sigfried Lillienskjold døydde i 1739 var det berre levert
ca. 8000.
I 1740 er det berre 4 brot som er idrift. Hopeholmen,
Vikanes, Mosterhamn og Salthella. På Hidle, Stord og Seløy
er drifta innstilt. Verka hadde då ein gjeld på 14000 r.dlr.
forutan det kammerråd Jens Paulsen Dreyer i København hadde
skote inn. Frå midten av 1750 åra til 1775 var all drift
stansa.
Peder Montagne Lillienskjold døydde i 1725. Han vart
gravlagd i kjellaren under koret i Eid kyrkja (Den gamle
stavkyrkja). Då den nye kyrkja vart bygd i 1823 kom denne
gravstaden bort.
Etter at Peder Montagne Lillienskjold døydde, tok sonen
Siegfried over drifta av foretaka til faren.
Enkja etter Peder Montagne Lillienskjold budde att på
Handeland, men i 1734 var det slutt. Alle foretaka var
falitt og dei Lillienskjoldske verka vart stansa. Eigedomane
og gardane vart selde eller gjekk til kongen som var den
største kreditoren.
Siegfried Montagne Lillienskjold
Sigfried Lillienskjold hadde tittel av "Hoffjunker". Det
vert sagt om han at han var ein hard jorddrott og at han
overgjekk far sin på dette feltet. Han skal og ha vore særs
rå i framfærda si. Frå tingbøkene finn vi fleire døme på
det. Saman med drengene skamprylte han bønder som på ett
eller anna vis sette seg opp mot han. Men det hende og at
han fortok seg, som då han og to av brørne hans saman med
fire bønder skamslo ein "Tolder Krog". Saka enda i
høgsterett. Brørne fekk kvar 49 dalar i vold og
slagsmålsbøter og måtte vidare bøta for "Helligbrøde" då dei
hadde begått ugjerninga på ein sundag.
Hoffjunkeren som budde på Sandvoll vart sidan ruinert. I
1735 var han reist ifrå futeriet utan å ha betalt skattar og
skyldnader. Kona sat attende i stor armod og måtte gje
garden frå seg. |