Låg i si tid under Handelandsgarden,
og var husmannsplass. Namnet viser til at det var
ein stad å leggja til med båt, og 'offentleg 'ferdaveg'
Etter Dahlslekta sitt inntog på
Handeland vart det fleire delingar. Gangstø vart
under Johan Dahl omlag midt i 1800-åra til
doktorbustad i Fjelberg kommune. Han dreiv også
bruket.
Det var også eit plass under Gangstø
etter frådelinga. Det har
også
vore pensjonatdrift på Gangstø.
Dottera vart gift med Thomas Thrap,
og etterkommarane etter dei sit med garden i dag.
No er hovudbøane mot sjøen stort sett
slik det var, men her har vore ei rivande utvikling
'rundt'. Etterkommarane har fått frådelt mange
tomter, spesielt til hyttebygging.
Om sommaren er det eit yrande liv i
Gangstø.
Av markante personar frå Gangstø kan
vi nemna:
Villa Thrap Wahl: Eigde
Gangstø men budde her lite. Ho er kjend som ein av
dei første her i landet som laga kryssordbok. Enno i
dag kjem det ut -bøker i hennar namn.
Mannen var deleigar i Aas & Wahl
trykkeri, så det var kort veg til trykking.
Hans Sande:
Hans Sande
er født i Bergen i 1946.
Han debuterte i 1969 med diktsamlinga Strime, som
han fikk Tarjei Vesaas sin debutantpris for.
Forfatterskapen er særprega, omfattande og
grensesprengande, i hovedsak skrive på stilsikkert
og klingande nynorsk - med ein heil del tydelege
høgdepunkt. Hans Sande har mottatt fleire prisar for
bøkene sine, og er omsett til fleire språk.
Han har
medisinsk embetseksamen og er spesialist i psykiatri
ved sida av å være forfatter.
No er han
berre forfattar. Hans Sande bor på Sandvoll (skriv
fleire kjelder) i Hordaland.
(Men huset
hans står på Gangstø i Valen krins).
(Opplysningar frå Gyldendal):
Skjønnlitterære utgivelser
Gjer deg mjuk. Smyg deg inn. Dikt 2007
Smygar. Noveller 2004
Hundar i mørkret. Noveller 2003
Sprekk. Roman 2001
Hjernegråt. Roman 1997
Tigeren talar tydeleg. Dikt 1993
Det hjertet som vi har. Som og er kjøtt. Roman 1992
Blåkvalens apostel. Roman 1990
Lebensraum. Roman 1980
Strime. Dikt 1969
Barne- og ungdomsbøker
Slangen i graset. Illustrert av Gry Moursund 2007
Arkimedes i Prompeland. Illustrert av Gry Moursund.
2006
Frosken. Illustrert av Gry Moursund. 2003
Arkimedes og rulletrappa. Illustrert av Gry
Moursund. 2002
Fuglejenta. Illustrert av Harald Nordberg. 2001
Arkimedes og brødskiva. Illustrert av Gry Moursund.
2000
Elefantevangeliet. Illustrert av Akin Düzakin. 1999
Oldemor ligg i frysen : blip. 1998
Nattbarnehagen. Illustrert av Judith Allan. 1997
Kyss ein bananfrosk! Illustrert av Harald Nordberg.
1995
Kom no, natt. Illustrert av Hans Sande. 1994
Prinsen på erta og andre urolege nattpattedyr. 1993
Fiskepuddingen Pim på nye sprell. Illustrert av Olav
Hagen. 1992
Kneip. Illustrert av Harald Nordberg. 1991
Sprettert og eg. Illustrert av Ingunn van Etten.
1991
Den dagen det regna kattunger. Illustrert av Ingunn
van Etten. 1988
Løvekyss. 1987
Vaksen kar ut i rim. Illustrert av Olav Hagen. 1985
Plommetreet. Illustrert av Olav Hagen. 1984
Prinsesse Bertas blanda drops. Illustrert av Olav
Hagen. 1983
Fiskepuddingen Pim. Illustrert av Olav Hagen. 1982
Det kvite pulveret. 1980
Trastedikt. Illustrert av Olav Hagen. 1978
Lita grøn grasbok. Illustrert av Tonje S. Aas. 1972
Nyss kom ei særskilt interessant bok
frå denne produktive og originale forfattaren;
Slepe rundt på døde dyr (Gyldendal
2009), ei bok som er morosam og sorgtung på ein
gong. Fortelinga er lagt til Valen sjukehus,
egpersonen er kalla Andor Skorpen og er hjelpepleiar
ved sjukehuset. Andor har lengten etter å bli
forfattar i seg, stor kunstnar vil han bli, men er
vel helst ein drøymar som sit fast i kvardag og
rutinar. Han gler seg til kvar gong Olav H Hauge
vert innlagd, han som kan bedømma kunstverka til
Andor, på lange fotturar innover i Handelandsdalen
(kalla bedringens vei) vera mentor, vegleiar og
pasient.
Og sonen til naboen. Og hans eigen
son. Og Andor si sorg.