(Sjå
meir om "Montanjen" i eiga sidet. Han har me valt å gje
spesiell merksemd)
HansSeehusen
Handeland vart kjøpt av Hans Seehusen som då sat med
Valegarden, men han selde att til Mathias Dahl alt i
1737, prisen var 405 rdl.
Mathias Dahl (1694 - 1764)
Mathias Dahl som kom frå Kristiansand var forvaltar på
Baroniet i Rosendal i over 20 år, frå 1725. Det var
Ditlev Vibe og Christian Lerce som sat med Baroniet i
desse åra. Då Edvard Londemann tok over i Rosendal vart
det snart usemje mellom dei og Dahl si tid som forvaltar
tok snart slutt. Londemann hadde med forundring og
mistru sett den store jordeiga som Dahl sat med, m.a.
Fet gardane i Omvikdalen og Uskedalen, Landa, Fausk,
øvre Sandvik og Vetle- Omvik og mykje meir. Heile eiga
hans var verdsett til over 3000 riksdalar ved skiftet
etter han i 1765. Men det var eit godt gifte som hadde
velsigna Mathias Dahl med all denne jordeiga. Med dotter
til presten Frimann fekk han det meste av jordegodset
til svigerfaren, då han fall frå i 1749.
Etter tida i Rosendal busette han seg på Indre Fet i
Omvikdalen. Han fekk seinare og hand om Bjelland på
Sunde etter svogeren, Wilhelm Smith. I 1737 kjøpte han
Handeland gard av Hans Seehusen på Valen, men han budde
aldri på garden sjølv.
Mathias Dahl kjøpte seg tittel som krigskomisær og mange
av sønene hans vart yrkesmillitære.
Han var gift med Marie Frimann som var dotter til
presten Wilhelm Frimann i Kvinnherad og Maren Pedersdtr.
Arntz. Dei fekk saman 11 born, av dei 8 søner. Dei tre
døtrene og tre av sønene døydde ugift. Av dei andre fem
var det to som busette seg i Kvinnherad. Niels Dahl på
Indre Fet i Omvikdalen og Johan Koren Dahl på Nedre Fet
i Uskedalen ("Kapteinsgarden"). Henning Frimann Dahl
vart busett på Tysnes og Christian Lerche Dahl vart
sivil embetsmann, fut i Ryfylke og justisråd.
I familien Dahl si eiga var og store gardar som Hauge og
Aalrekstad. Hauge som var ein av dei største gardane der
Haugesund no ligg, var eigd av brødrene Niels og Johan
Koren Dahl. Den gamle kongsgarden Aalrekstad (Årstad) i
Bergen kom i Christian Lerche Dahl si eiga ved arv
kring 1797, men han selde denne i 1812.
Niels Dahl
Niels Dahl arva Handeland då faren fall i frå i 1764,
men han gjorde seinare makabyte med eldste bror sin,
Wilhelm Frimann, som hadde fått Indre Fet der foreldra
budde. Om han nokon gong budde på Handeland veit vi
ikkje. Han kjøpte og opp gardane Øvre Sandvik i
Omvikedalen og Halsnøy Klostergård. Klostergarden gjekk
seinare tilbake til Juel-slekta som nytta odelsretten.
Niels Dahl var gift fyrste gong med Inger Worm
Fürstenberg. Ho døydde i 1807 og i 1811 vart Niels gift
opp att med Mathilde Elisabeth Fleischer. Det var ikkje
born i nokon av desse ekteskapa.
Det vert sagt om Niels Dahl at han var ein slu og
pengegrisk mann og at han skulle ha ein dårleg karakter
i så måte. Under "pengeforhandlingane" i 1813, tapte
Niels mykje av formuen sin, noko som han tok svært inn
over seg. Han døydde samme året.
Wilhelm Frimann Dahl (1731 - 1794)
Wilhelm Frimann Dahl overtok Handeland etter makaskifte
med broren Niels. Han vart i 1770 gift med Johanne
Margretha Geelmuyden (1739 - 1801), ho var dotter til
soknepresten i Leikanger, Gardt Geelmeyden og Barbro
Marie Ivarsdtr. Johanna Margretha var enkje etter
godseigar Niels Mikkelson Falck på Amble-godset i Sogn.
Med henne fekk såleis Wilhelm hand om fleire eigedomar
der.
Born: Karen "Cassi" f.1772. Ho vart gift med kaptein i
infanteriet, Jacob Gerhard Meidel og døydde i Sogn 1828.
Wilhelmine "Mina" Marie var ugift. Ho døydde i Søre
Valen hjå mostera Marie Friman Undahl i 1830-åra.
Wilhelm Frimann var løytnant og gjorde i 1762 teneste
som underoffiser ved dei dansk-norske troppane si
beleiring av Holstein. Då han kom tilbake fra der frå
vart han forlova med ei rik enkje i Bergen, han søkte då
avskil med det millitære. Forlovinga vart seinare heva
og Wilhelm skal ha teke dette svært hardt. Om dette
heite det seg at Wilhelm i den fortvila sinnsstemningen
han då var i, seier til venen, løytnant Palnau: "Jeg ber
dig kamerat, skyte mig en kule for panden!" Palnau la
for spøk geværet an, men då vart Dahl redd og skreik ut:
"Jeg tror saasandt han gjør det!"
Det vert sagt om Wilhelm Frimann Dahl, at han skal ha
vore ein jovial mann, med ein god sans for humor.
Ved folketellinga 1801 finn vi fru Johanna Margretha som
eigar av heile garden på Handeland. Ho står og som eigar
av to sagbruk.
Gerhard Geelmuyden Dahl (1780 - 1843)
Sonen Gerhard Geelmeyden Dahl vart deretter eigar av
Handeland. Han var oberstløytnant og døydde i 1843. Han
hadde to søner. Den eine, Wilhelm Dahl fekk overta
garden. Den andre, Johan Dahl studerte medisin og vart
distriktslekjar her. Han budde i Gongstø.
Gerhard fekk i 1808 løyve til å inngå ekteskap med
syskinbarnet sitt Inger Worm Fürstenberg Dahl (1775 -
1862). Ho var dotter til oberstløytnant Johan Koren Dahl
og Else Nielsdtr. Alstrup som budde på Nedre Fet i
Uskedalen.
Det hende ein episode i oberstløytnant Gerhard
Geelmeyden Dahls militære liv som kan nemnast i dette
høvet. Det var i 1808 at han var utkommandert i krigen
som stod på mellom Noreg og Sverige. Han var då ung
løytnant. Under ein major Grevling som sjef skulle han
gå med kompaniet frå Lærdal i Sogn over Filefjell til
Småleni.
Det var ei vanskeleg tid for land og folk, og soldatane
var ille stilt både med mat, klede og fottøy og dei lei
mykje vondt på ferda. Komne til Drammenskanten var
soldatane så trøyte og sårføtte at dei makta ikkje å gå
lengre og bad om å få kvila. Dette ville major Grevling
ikkje høyra snakk om - fram skulle dei utan stans. Då
stod løytnant Dahl fram for sjefen sin og sa, at det var
uforsvarlig å driva folket slik, dei måtte få kvila for
å samla krefter. Dette var eit brot på den militære
disiplinen frå Dahl si side som majoren ikkje tolde. Han
vart harm og baud at Dahl skulle arresterast. Men der
vart ikkje noko av arrest av. For soldatane flokka seg
om løytnanten og sa beint fram til majoren, at dersom
han gjorde alvor av dette ville han bli skoten. Etter
denne salva fann major Grevling det klokast å falla til
fote.
Som vel var, vart det slutta fred før Dahl og kompaniet
hans kom så langt, så dei fekk reisa heim att utan å
vera med i krigen.
Wilhelm Frimann Dahl
Handeland var i familien Dahl si eiga til rundt
århundreskiftet då garden vart seld til Ulrik Tornøe i
Skånevik.
Ulrik Tornøe
Ulrik Tornøe (F.1857) var son til tidlegare lensmann
Caspar Christian Tornøe og Dorthea Sofie Sundt Bull som
budde i Skånevik. Ulrik var bror til fotograf Henrik
Greve som let etter seg mange bileter mellom anna frå
Skånevik. Ulrik var gift med Gitta Hemsen.
Ulrik Tornøe kjøpte Handeland av Dahl-familien.
I 1906 selde han garden til Hordaland fylke.
- Reidar Handeland